Helseatlaset gir ein oversikt over bruk av tenester innan psykisk helsevern for vaksne i Noreg i perioden 2020–2024. Helseatlaset bygger vidare på resultata frå Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling frå 2020, og undersøker geografisk variasjon i bruk av helsetenester i spesialisthelsetenesta og kommunale helsetenester.
Hovudfunn
Hovudfunn
Helseatlaset for psykisk helsevern for vaksne viser at det er store geografiske forskjellar i bruk og organisering av psykisk helsevern i Noreg, trass i at pasientomfanget i psykisk helsevern har vore stabilt over tid på nasjonalt nivå. Forskjellane i tilgang til behandling og oppfølging av enkelte psykiske lidingar indikerer ulik praksis og organisering, og reiser spørsmål om tilbodet innan psykisk helsevern er likeverdig. Hovudfunna kan oppsummerast i følgjande punkt:
- Det er betydeleg fleire kvinner enn menn som får behandling i psykisk helsevern for vaksne. Dei fleste pasientane er i aldersgruppa 25–44 år, som står for hovudtyngda av behandlingsaktiviteten.
- Det er store forskjellar i median ventetid mellom opptaksområda, frå rundt 25 til 80 dagar frå tilvising. Det er ingen klar samanheng mellom ventetid og kor intensiv behandlinga er etter oppstart.
- Medan den samla bruken av polikliniske tenester innan psykisk helse ikkje varierer stort i Noreg, er det store forskjellar mellom opptaksområda for dei enkelte diagnosegruppene, spesielt ADHD, eteforstyrring og personlegdomsforstyrring. Behandlingsaktiviteten varierer mykje. Opptaksområda som skil seg ut med høgast bruk av poliklinisk behandling har ofte ein høg andel som får behandling hos private avtalespesialistar. Det er også betydeleg variasjon mellom opptaksområda i den samla bruken av døgnopphald.
- Ein relativt liten andel av pasientane står for ein stor del av den samla ressursbruken i spesialisthelsetenesta. Pasientar med psykoselidingar er særleg overrepresentert blant storbrukarane, medan pasientar med angst- og stemningslidingar i gjennomsnitt har lågare tenestebruk.
- Mindre enn halvparten av pasientane med depresjon eller psykose som er utskrivne frå døgnbehandling får oppfølging innan ei veke. Det er betydeleg geografisk variasjon i oppfølginga både frå spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta etter utskriving, særleg ved psykoselidingar. Oppfølging og god koordinering etter at pasienten er utskriven er kritisk viktig for å sikre kontinuitet og redusere risikoen for tilbakefall og alvorlege utfall som sjølvmord og alvorleg sjølvskade.
- Tal pasientar og poliklinisk behandling for depresjon og angst har gått noko ned i perioden 2020–2024, men er framleis dei mest utbreidde diagnosane i spesialisthelsetenesta. Kategorisert etter alvorsgrad er det diagnosen moderat depresjon som står for størsteparten av den polikliniske behandlinga i alle opptaksområda. Dette viser at spesialisthelsetenesta ikkje berre behandlar dei mest alvorlige tilfella, men og eit stort volum pasientar med mildare lidingar.
- Poliklinisk behandling for vaksne med ADHD har nær dobla seg på landsbasis i perioden 2020–2024, og auken er gjennomgåande for alle opptaksområda. Det er flest unge vaksne som får behandling for ADHD og fleire kvinner enn menn.
- Over ein halv million personar, tilsvarande 17% av den vaksne befolkninga, hadde årleg kontakt med fastlege/legevakt for psykiske plager. I gjennomsnitt hadde desse 3,3 konsultasjonar i året. Det var ei auke i konsultasjonar for alle opptaksområde i perioden, med liten geografisk variasjon.
Innleiing
Psykisk helsevern for vaksne omfattar eit breitt spekter av utgreiing, behandling og oppfølging i spesialisthelsetenesta og omfattar tenester i helseføretak, private ideelle organisasjonar og hos avtalespesialistar. Dette atlaset omfattar aktivitet i psykisk helsevern for vaksne og private avtalespesialistar i psykisk helsevern, og inkluderer både poliklinisk og døgnbasert behandling.
For å få tilgang til spesialisthelsetenester krevst det vanlegvis tilvising frå fastlege. Nokre pasientar får sitt første møte med psykisk helsevern gjennom øyeblikkeleg hjelp-innleggingar. I tillegg til spesialisthelsetenesta viser atlaset òg kor mange innbyggjarar som har vore i kontakt med fastlege for psykiske plager, registrert med ein P-diagnose frå kodeverket ICPC-2.
All rapportering i helseatlaset er gjort etter pasienten sin bustadsregion, som svarar til opptaksområda til sjukehus og distriktspsykiatriske senter (DPS). Antal pasientar og kontaktar er også framstilt som ratar, altså antal per 10 000 innbyggjarar i det geografiske området. Desse ratane er justerte for kjønn og alder for å kunne gjere samanlikningar på tvers av område med ulik befolkningssamansetning. Det er ikkje justert for andre forhold som kan tenkast å påverke behovet for tenester, til dømes sosiodemografiske faktorar. Variasjonen må derfor tolkast i lys av dette.
Formålet med atlaset er å synleggjere geografiske variasjonar i bruk av tenester, og å bidra til betre innsikt og forståing av korleis tilbodet er organisert og nytta i ulike delar av landet. Datagrunnlaget gir eit viktig utgangspunkt for fagleg refleksjon og helsepolitisk planlegging. Ved å analysere slike mønster kan ein også identifisere moglegheiter for meir likeverdig tilgang til behandling, og peike på område der ressursbruken kan optimaliserast. Målet er å støtte arbeidet med å sikre mest mogleg likeverdig tilgang til psykisk helsevern for vaksne, uavhengig av kvar i landet ein bur.
Vaksne i psykisk helsevern
Primær- og spesialisthelsetenesta har komplementære roller i utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos vaksne. Primærhelsetenesta er oftast pasienten sitt første møte med helsetenesta, og har ein viktig tilvisingsfunksjon. Dei står òg for behandling av lettare og moderate psykiske lidingar. Dersom pasienten har eitt eller fleire symptom på moderat til alvorleg psykisk liding som gir redusert funksjonsevne, skal primærhelsetenesta vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta. Spesialisthelsetenesta tilbyr utgreiing og behandling ved meir samansette eller alvorlege tilstandar, og skal samarbeide med kommunen der det er behov for langvarig oppfølging.
Pasientar med behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få ein koordinator i både kommune- og spesialisthelsetenesta. Ved poliklinisk behandling i spesialisthelsetenesta er det behandlingsansvarleg lege som avklarar kven som følgjer opp pasienten. Det kan anten vere fastlegen eller lege i spesialisthelsetenesta.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Figuren viser kjønns- og aldersfordelinga blant vaksne pasientar (18–64 år) som har hatt kontakt med psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta. Figuren illustrerer at kvinner er overrepresenterte i dei fleste aldersgrupper. Kjønnsforskjellen og den skeive aldersfordelinga kan spegle reelle variasjonar i førekomst og alvorlegheitsgrad av psykiske lidingar, men kan òg reflektere ulik terskel for å søkje hjelp og systematiske skilnader i bruk av tenester mellom kjønnsgrupper. Samstundes kan variasjonane vere knytte til strukturelle forhold i tenestetilbodet, som prioriteringar, tilvisningspraksis og i kva grad tenestene er tilpassa ulike livsfasar. Dette peikar på behovet for å vurdere om psykisk helsevern for vaksne er tilstrekkeleg tilgjengeleg og treffsikkert utforma for ulike kjønnsgrupper i befolkninga.
I det følgjande vil vi gå nærare inn på poliklinisk aktivitet og døgnbehandling for psykiske lidingar, i analyse av overordna aktivitet i psykisk helsevern for vaksne og avtalespesialistar i psykisk helsevern. I dei overordna analysane undersøker vi aktiviteten samla, og i dei diagnosespesifikke analysane vert behandling analysert dersom talgrunnlaget er stort nok til at det er statistisk robust. Kvar av resultatseksjonane kan utvidast ved å klikke på plussteiknet, og ein kan velje mellom dei ulike resultata ved å klikke på dei små, blå ikona over søylediagrammet.
Vaksne i behandling
Forløpsintensitet
Intensitet, det vil seie kor hyppig det er dagar med kontakt mellom pasient og tenestene, er eit viktig kvalitetsmål for behandling av mange psykiske lidingar. I det følgjande viser vi mål på forløpsintensitet i den tidlege delen av pasientforløpet i poliklinisk behandling for nokre større diagnosegrupper: depresjon, angstlidingar, PTSD, eteforstyrring og personlegdomsforstyrringar.
Analysen av forløpsintensitet omfattar helseføretaka, ettersom adekvate tal for private avtalespesialistar ikkje er tilgjengelege. Den omfattar såleis rundt 75 prosent av aktiviteten i spesialisthelsetenesta, og må tolkast med atterhald om at den ikkje er fullt ut representativ.
Analysen inkluderer forløp av ulik varigheit frå året der tilvisinga var motteken. For å sikre at samtlege pasientar skal kunne bli registrerte med eit langt nok forløp frå motteken tilvising, er 2023 siste år i analysen. Median er nytta som mål og viser til tal dagar som er hyppigst førekommande. Gjennomsnittet er noko høgare, men kan vere misvisande for samanlikning fordi ein mindre del pasientar med høgt tal dagar trekker opp gjennomsnittet mykje.

I tabellen viser kolonnene under kontaktdag 1 åra for motteken tilvising, og median tal dagar fram til første kontaktdag, altså til første polikliniske time etter at tilvisinga kom til spesialisthelsetenesta. Såleis viser kolonnene under kontaktdag 1 median tal dagar pasientane i det aktuelle opptaksområdet har i ventetid. Vidare viser kolonnene under kontaktdag 2 median tal dagar frå 1. til 2. kontaktdag for kvart av åra. Kolonnene under kontaktdag 3 median tal dagar frå 2. til 3. kontaktdag osv.
Det er store forskjellar i ventetider mellom opptaksområda. Personar heimehøyrande i opptaksområda til UNN eller Finnmark har meir enn dobbelt så lange ventetider som personar heimehøyrande i Vestfold eller Førde. Kolonne 2 viser at områda med lange ventetider ikkje nødvendigvis er dei med låg intensitet når forløpet kjem i gang. Finnmark, Østfold og Diakonhjemmet har forholdsvis høgt tal dagar frå kontaktdag 1 til kontaktdag 2, og av desse har dei to førstnemnde lågare intensitet til dei neste kontaktdagane, medan intensiteten for Diakonhjemmet er høgare for dei neste kontaktane. Frå kontaktdag 3 og vidare utover i forløpet held intensiteten seg relativt stabil for alle opptaksområda.
Gjennomsnitta av 1.-8. kontaktdag og 3.-8. kontaktdag, vist i kolonnene nede til høgre, viser intensiteten i heile det tidlege forløpet, og intensiteten når forløpet er komme litt i gang. Kolonna med tittel Diff. viser differansen i intensiteten mellom periode 1.-8. og 3.-8. Tala i denne kolonna viser dermedom intensiteten er ulik utover i forløpet (3.-8.) samanlikna med heile perioden (1.-8.). Såleis viser ein høg differanse om det gitt rett til helsehjelp, medan låg differanse viser større grad av planmessigheit. Det er jamnt over ikkje nokon sterk samanheng mellom ventetider og intensitet når forløpet kjem i gang. Men nokre opptaksområde skil seg frå dette: Førde har kort ventetid, men lågare intensitet i forløpet vidare. Motsett har UNN og Nordland lange ventetider, men høg intensitet når forløpet kjem i gang.
Storbrukarar
Analysar av storbrukarar viser at ein liten del av pasientane står for ein stor del av bruken av helsetenestene i psykisk helsevern, ved at dei viser fordelinga i bruk av pasientar som står for høgast tal av høvesvis kontaktdagar og døgnopphald per pasient. Pasientar med psykoselidingar utgjer store andelar, ved at dei utgjer om lag halvparten av pasientane i gruppa med flest polikliniske kontaktar (820 pasientar), og nær 90 prosent i gruppa med flest døgnopphald (217 pasientar).
Angst- og stemningslidingar er vanlegare i pasientgruppene med lågare bruk av helsetenester (rundt 2200 pasientar). Talet på pasientar med psykoselidingar viser ein svak auke (150 pasientar).
For meir detaljerte tal, metodisk grunnlag og fordelingar etter diagnosegrupper og bruksnivå sjå Vedlegg 1: Detaljert analyse av storbrukarar med diagnosefordeling.
Forløp etter døgnbehandling
Pasientar som har vore innlagde for psykiske lidingar har behov for eit breitt spekter av tenester frå både spesialist- og kommunehelsetenesta etter døgnopphaldet. I denne utvida analysen ser vi nærare på forløpet for dei større gruppene av innlagde pasientar i psykisk helsevern; personar som er innlagde for psykoselidingar og personar innlagde for depresjon. Forløpet til pasientane etter utskriving omfattar ei rekke tenester i primær- og spesialisthelsetenesta. Fokus er på dei første 72 timane, dei første 7 dagane og dei første 30 dagane etter utskriving. Desse tidsromma representerer kritiske fasar der risikoen for tilbakefall, manglande oppfølging og behov for samanhengande tenester er særleg høg. I den første fasen etter utskriving er oppfølgingssamtale innan 72 timar viktig for personar med sjølvmordstankar eller -åtferd. Denne pasientgruppa er generelt meir sårbar enn andre i psykisk helsevern den første veka etter utskriving.
Populasjonen er pasientar som har vore utskrivne i 2020-2023. Dei følgjande tabellane viser prosentdel som får
- konsultasjon i primær- eller spesialisthelsetenesta innan 72 timar etter utskriving.
- oppfølging i poliklinikk, hos fastlege og legevakt i løpet av dei første 7 dagane etter utskriving
- oppfølging i poliklinikk, hos fastlege og legevakt i løpet av dei første 30 dagane etter utskriving
Vidare viser tabellen andelen som vert reinnlagde innan høvesvis 7, 14 og 30 dagar etter utskriving. Detaljar om type tenester som vert nytta, reinnleggingar og liknande er vist i Vedlegg 2 Tilleggsfigurar, forløpsanalyse.

Forløp etter utskriving for pasientar med depresjon.
På landsbasis mottek ein tredjedel av dei som har vore innlagde for depresjon oppfølging innan 72 timar. Dei fleste regionane er i nærleiken av dette, men tala er klart lågare i Helse Nord. Det er store variasjonar mellom helseføretaka i oppfølginga, der rundt 20 prosent i Førde, Nordland og Finnmark har ein oppfølgande konsultasjon dei første 72 timane, medan i Vestfold mottek 55 prosent av pasientane ein slik konsultasjon i primær- eller spesialisthelsetenesta. For mange av helseføretaka er prosentdelen på rundt 30.
Den første veka etter utskriving står poliklinikk og fastlege for oppfølging av mange av pasientane. På landsbasis får 42 prosent poliklinisk behandling. Det er store forskjellar mellom helseføretaka. Medan 22 prosent i Finnmark er i poliklinisk oppfølging i løpet av den første veka, får heile 56 prosent i Helgeland, Lovisenberg og Vestfold i ei slik oppfølging i løpet av den same tida. Dei andre opptaksområda fordeler seg mellom desse ytterpunkta. Ser vi på oppfølginga innan 30 dagar, varierer denne frå 49 til 75 prosent. Nordland og Finnmark ligg lågast, medan Bergen ligg høgast. Mange av opptaksområda er på rundt 70 prosent etter 30 dagar.
Ein tredjedel er i kontakt med fastlege i løpet av den første veka etter utskriving. Medan prosentdelen er relativt lik på tvers av regionane, er variasjonen betydeleg mellom opptaksområda. Lågast andel fastlegekontakt har Helgeland og Diakonhjemmet, med rundt 22 prosent, medan Vestfold, Innlandet og Stavanger har høgast, med over 40 prosent. Når det gjeld konsultasjonar hos fastlege, er òg opptaksområde Helgeland og Diakonhjemmet lågast, med 14 prosent. Fleire andre helseføretak har òg låge andelar på under 20 prosent. Høgst andel konsultasjonar er det i opptaksområda Stavanger og Innlandet, som for kontaktar, men Nordland og Vestfold er òg høgt på konsultasjonar, med nær 30 prosent som får konsultasjonar i løpet av den første veka. Berre 5 prosent av pasientane med depresjon er i kontakt med legevakt i løpet av denne perioden, med noko variasjon mellom opptaksområda.
Forholdsvis få pasientar vert reinnlagde den første veka etter utskriving, men etter 30 dagar er talet meir betydeleg. På landsbasis vert 10 prosent reinnlagde i løpet av ein månad etter utskriving. Variasjonane er nokså store mellom helseføretaka, og varierer frå 5 prosent i Finnmark til 20 prosent med ny innlegging i Fonna.

Forløp etter utskriving for pasientar med psykose.
For personar innlagde med psykose mottek 37 prosent oppfølging i form av konsultasjon i primær- eller spesialisthelsetenesta etter 72 timar. Variasjonen er nokså stor mellom helseføretaka, frå 23 prosent i Finnmark til 52 prosent i Lovisenberg. Det er òg forskjellar mellom regionane, frå 27 prosent i Helse Nord til 40 prosent i Helse Sør-Øst. Den vidare oppfølginga innan ei veke hos fastlege, legevakt eller i poliklinikk er viktig fordi symptom kan endre seg raskt, og av omsyn til informasjon og ansvar for oppfølging. Andelen som er i kontakt med fastlege for psykoseliding i løpet av den første veka er 26 prosent for kontaktar og 10 prosent for konsultasjonar. Kontaktar varierer frå 15 prosent i Lovisenberg til 39 prosent i Innlandet. Konsultasjon uttrykker behandling meir spesifikt enn kontakt og opptaksområde Innlandet har høgast andel konsultasjonar med fastlege med 17 prosent, medan Diakonhjemmet har lågast med 5 prosent.
Ser vi nærare på oppfølging i poliklinikk er andelen på landsbasis på 52 prosent, men med store variasjonar. Oppfølginga den første veka varierer frå 16 prosent i Finnmark til 76 prosent i Lovisenberg. Oppfølginga innan 30 dagar varierar frå 38 prosent til 91 prosent, og det er dei to same opptaksområda som har lågaste og høgaste andel også i dette tidsrommet. Lovisenberg har låg andel oppfølging hos fastlege og høg i poliklinikk, men denne samanhengen verkar ikkje å vere sterk for mange av opptaksområda. Opptaksområda i Helse Nord har langt lågare prosentdel i poliklinikk. Samtidig er andelen oppfølging hos fastlege ikkje særleg høgare.
Ein mindre del av pasientane har kontakt med legevakt i løpet av den første veka, med rundt 8 prosent på landsbasis. Det er imidlertid ein del variasjon i denne, frå 4 til 13 prosent.
Når det gjeld reinleggingar, er prosentdelen relativt høg, og betydeleg høgare enn for depresjon. På landsbasis vert 22 prosent vert reinnlagde i løpet av første månaden etter utskriving. Andelen varierer frå 11 prosent i OUS til 32 prosent i Fonna. Sistnemnde har òg høgast andel reinlegging for depresjon.
Oppsummert ser vi store geografiske forskjellar på ei rekke indikatorar for oppfølging, og ved antatt lik førekomst skal variasjonen tilseie underoppfølging i enkelte opptaksområde. Til ein viss grad kan enkelte indikatorar forklarast av forskjellar i organisering, men dei store forskjellane i oppfølging i spesielt prosentdel i poliklinikk tyder på at innlagde ikkje mottek lik oppfølging uavhengig av kvar dei bur. Spesielt for psykoselidingar er forskjellane mellom regionane store. Helse Nord har 18 prosentpoeng lågare oppfølging etter 30 dagar samanlikna med Helse Sør-Øst, og dei enkelte opptaksområda har alle lågare andelar enn nesten alle opptaksområda i Helse Sør-Øst.
Angst- og stressrelaterte lidingar
Angstlidingar er ei av dei større pasientgruppene innan psykisk helsevern. Det er flest personar med angstlidingar i aldersgruppene 18–24 år og 25–34 år, og kvinner er i klart fleirtal i alle aldersgrupper. Talet på pasientar fell gradvis med aukande alder frå 25–34 år. Dette samsvarer med etablerte epidemiologiske funn der angstlidingar er vanlegast i ung vaksen alder og meir utbreidde blant kvinner enn menn.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Obsessiv-kompulsiv liding (OCD)
Pasientar med obsessiv-kompulsiv liding (OCD) er ei mindre pasientgruppe innanfor angst- og stressrelaterte lidingar. Dei fleste er i aldersgruppene 18-24 og 25-34 år, og i desse aldersgruppene mottek fleire kvinner enn menn behandling. Tal personar som mottek behandling er lågare i dei eldre aldersgruppene, og kjønnsforskjellane mindre.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Post-traumatisk stressliding (PTSD)
Post-traumatisk stressliding (PTSD) er ei stor gruppe pasientar innan angst- og stressrelaterte lidingar. Flest kvinner mottek behandling i alle aldersgrupper, og tal pasientar er jamnare fordelt etter alder enn for andre angst- og stressrelaterte lidingar.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Stemningslidingar
Depresjonslidingar er blant dei mest utbreidde psykiske lidingane i den vaksne befolkninga, og ein betydeleg del av pasientane får poliklinisk behandling i psykisk helsevern. Figuren viser kor mange pasientar som årleg fekk behandling for depresjon, fordelt på kjønn og aldersgrupper i perioden 2020–2024.
Det er flest pasientar i alderen 25–34 år, og kvinner er i tydeleg fleirtal i alle aldersgrupper. Talet på pasientar aukar frå 18–24 år til 25–34 år og går gradvis ned med aukande alder. Mønsteret samsvarar med kjende funn om at depresjon er mest utbreidd blant yngre vaksne og meir vanleg hos kvinner enn hos menn.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Fordeling av alvorsgrad for kontaktdagar ved depresjon
Figuren viser korleis kontaktdagane for depresjon fordeler seg etter alvorsgrad (mild, moderat, alvorleg, vedvarande, uspesifisert) i ulike opptaksområde. Stolpane viser både total mengd kontaktdagar og prosentdelen innan kvar alvorsgradskategori. Totalt har Lovisenberg høgast mengd kontaktdagar, medan dei fleste andre område ligg nær landsnivået.
Det er store geografiske forskjellar i kor mange kontaktdagar som blir brukt i behandling av depresjon, men fordelinga av alvorsgrad er relativt lik på tvers av opptaksområda. Figuren viser at moderate depresjonar står for størsteparten av kontaktdagane i alle opptaksområder. Dette understrekar at depresjon er ei av dei mest belastande og ressurskrevjande lidingane i psykisk helsevern, og kapasitet i poliklinikk må vere dimensjonert for eit stort volum av pasientar med moderate lidingar, ikkje berre dei aller mest alvorlege. Mild og alvorleg depresjon varierer noko mellom opptaksområda. Uspesifiserte diagnosar utgjer ein mindre og varierende del av kontaktdagane.

Fordeling av alvorsgrad (mild, moderat, alvorleg, vedvarande og uspesifisert) for kontaktdagar knytte til depresjon, basert på gjennomsnittleg justert kontaktdagsrate per 10 000 innbyggjarar i perioden 2020–2024. Stolpane viser den totale mengda kontaktdagar per opptaksområde.
Bipolare lidingar
Bipolare lidingar er kroniske stemningslidingar som krev langvarig oppfølging, og mange pasientar mottek poliklinisk behandling i vaksenpsykiatrien. Figuren viser kor mange pasientar som årleg fekk behandling for bipolare lidingar, fordelt på kjønn og aldersgrupper i perioden 2020–2024. Figuren viser at flest pasientar med bipolare lidingar er i aldersgruppa 25–34 år, etterfølgd av gruppa 35–44 år. Talet på pasientar minkar gradvis etter fylte 45 år. I alle aldersgrupper er kvinner i fleirtal, men skilnaden mellom kvinner og menn er mindre enn for til dømes depresjon og angst. Mønsteret samsvarar med det ein kjenner frå tidlegare forsking. Bipolare lidingar debuterer ofte i ung vaksen alder, og begge kjønn er relativt jamt representerte, men med noko overvekt av kvinner i behandling (Singh et. al, 2025).

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Fordeling av alvorsgrad for kontaktdagar ved bipolare lidingar
Figuren viser korleis kontaktdagane for bipolare lidingar fordelar seg etter alvorsgrad (mild, moderat, alvorleg, uspesifisert) for kvart opptaksområde. Stolpane viser både total mengde kontaktdagar og prosentdelen av kvar alvorsgrad kategori.
Det er store forskjellar i kor mange kontaktdagar pasientar med bipolare lidingar har i dei ulike opptaksområda. Lovisenberg og Diakonhjemmet har klart høgast aktivitet. Moderat bipolar liding utgjer den største delen av kontaktdagane i alle område, medan mild og alvorleg grad varierer meir. Delen uspesifiserte diagnosar er høg i fleire område, noko som kan tyde på ulik diagnostisk praksis og forskjellar i kompleksiteten i pasientgruppene.

Psykoselidingar
Personar med psykoselidingar mottek både poliklinisk behandling og døgnbehandling. Dei fleste pasientane er i aldersgruppene frå 25 til 54 år, og i den yngre delen av desse aldersgruppene mottek langt fleire menn enn kvinner behandling.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Personlegdomsforstyrringar
Personlegdomsforstyrringar er langvarige og funksjonspåverkande tilstandar som ofte krev langvarig og samanhengande behandling. Figuren nedanfor viser kor mange pasientar som årleg får poliklinisk behandling for personlegdomsforstyrring, fordelt på kjønn og aldersgrupper i perioden 2020–2024.
Det er flest pasientar i alderen 18–34 år, med særleg høge tal for kvinner i gruppa 25–34 år. I alle aldersgrupper er kvinner klart i fleirtal, noko som reflekterer kjende mønster i diagnose og behandlingssøking. Talet på pasientar fell markant med aukande alder, og er lågast i gruppa 55–64 år. Mønsteret tyder på at personlegdomsforstyrringar i stor grad blir identifisert og behandla i tidleg vaksen alder, medan færre godt vaksne er i behandling.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Attention Deficit/Hyperactivity Disorder (ADHD)
Personar med ADHD er ei av dei større pasientgruppene i psykisk helsevern. I gjennomsnitt mottek rundt 20 300 personar poliklinisk behandling kvart år. Dei fleste som er i behandling er i aldersgruppene under 35 år, så fell andelen med høgare alder. Berre eit mindre tal personar over 55 år mottek poliklinisk behandling. Kjønnsforskjellane er tydelege i aldersgruppene under 35 år, der fleire kvinner enn menn mottek behandling. Helseatlas for Psykisk helsevern for barn og unge visar at fleire gutar enn jenter vert diagnostisert og behandla for ADHD tidleg, i barne- og ungdomsåra.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024
Eteforstyrringar
Dei fleste pasientane som mottek behandling for eteforstyrring i spesialisthelsetenesta er kvinner i alderen 18-44 år. I gjennomsnitt mottek 1200 kvinner i alderen 18-24 år og 25-34 år behandling årleg. Ettersom aldersgruppa 18-24 år utgjer ein mindre andel av befolkninga, er omfanget betydeleg større enn i aldersgruppa 25-34 år, sett i høve folketalet. Talet personar med eteforstyrring avtek med høgare alder.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2020-2024.
Kommunehelsetenesta
Samhandling mellom spesialist- og kommunehelsetenesta er avgjerande for at pasienten får eit heilskapleg og samanhengande tilbod. Samtidig har kommunane sjølve fridom til, og ansvar for, å organisere psykisk helseteneste på ein måte som best svarar til lokale behov og ressursar. Tenestetilbodet og organiseringa av tenestene varierer dermed mellom kommunar. Dette kan påverke tenestebruk i primærhelsetenesta og i spesialisthelsetenesta.
Fastlege og legevakt har ei større og meir behandlingsorientert rolle for vaksne, medan tenestene for barn og unge i større grad er retta mot vurdering og tilvising. For personar med lettare psykiske lidingar viser ratane både pasientar som seinare blir tilvist til den somatiske spesialisthelsetenesta, og pasientar som får behandling hjå allmennlege. Personar som får oppfølging i kommunehelsetenesta etter at dei har vore innlagde for meir alvorlege psykiske lidingar blir undersøkt nærare i ein eigen forløpsanalyse.
Metode
Om atlaset
Vedlegg
Har du spørsmål?
Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med helseatlastenesta i Helse Førde HF gjennom helseatlas@helse-forde.no.