Helseatlas for psykisk helsevern for barn og unge undersøker aktivitet i primær- og spesialisthelsetenesta i perioden 2019-2023. Med bakgrunn i Helseatlas for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling frå 2020, presenterer dette atlaset oppdaterte tal for behandling for barn og unge. Korona-pandemien utgjer eit særtrekk ved perioden dette atlaset undersøker, og kan påverke sjukelegheit og aktivitet under og etter pandemien. Atlaset inneheld to deler frå helsetenesta 1) Pasientar og aktivitet på overordna nivå 2) Behandling innan dei større sjukdomsgruppene innanfor psykisk helsevern for barn og unge. Begge analyserer behandling for psykiske lidingar innan psykisk helsevern, somatikk og hos avtalespesialistar.
Hovudfunn
- Overordna er det små forskjellar i kor mange som er i poliklinisk behandling i ulike delar av landet, men for mange psykiske lidingar er forskjellane store
- Det er store forskjellar i forløps- og ventetider mellom sjukehusa sine opptaksområde
- Dei siste åra har det vore ein stor auke i behandling for autisme og ADHD. Forskjellane i aktivitet mellom opptaksområda er middels stor, men langt fleire gutar enn jenter mottek behandling.
- Det er store geografiske forskjellar i kor mange som mottek behandling for depresjon
Mål på variasjon i pasientratar
Indikator | Tal | Rate per 1000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Pasientar i poliklinikk behandling | 67 603 | 60,6 | 53,8 | 80,1 | 1,5 | 1,4 | 11,5 | 1,5 | 1,1 |
Pasientar i allmennlege | 70 998 | 63,7 | 47,8 | 71,4 | 1,5 | 1,4 | 10,4 | 1,3 | 1 |
Pasientar i døgnbehandling | 2 790 | 2,5 | 1,5 | 5,5 | 3,6 | 2,7 | 38,6 | 16,6 | 11,5 |
ADHD | 16 319 | 14,6 | 8,3 | 20,0 | 2,4 | 2,3 | 25,8 | 6,6 | 5,6 |
Angst | 6 226 | 5,6 | 4,2 | 8,5 | 2,0 | 1,9 | 20,7 | 6,7 | 5,6 |
Autisme | 6 531 | 5,9 | 4,4 | 7,3 | 1,7 | 1,5 | 15,5 | 2,2 | 1,7 |
Depresjon | 3 488 | 3,1 | 1,9 | 5,8 | 3,1 | 2,6 | 35,1 | 15,6 | 14,9 |
Eteforstyring | 1 857 | 1,7 | 1,2 | 2,8 | 2,3 | 1,9 | 22,3 | 14,5 | 13,0 |
Tilpassningforstyrring | 4 200 | 3,8 | 2,1 | 6,3 | 3,0 | 2,6 | 32,2 | 10,1 | 8,5 |
Spesifikk utviklingsforstyrring | 7 364 | 6,6 | 3,7 | 12,6 | 3,4 | 2,1 | 30,3 | 9,1 | 5,3 |
Rusliding, 0-17 år | 502 | 0,5 | 0,3 | 0,8 | 2,7 | 2,0 | 28,2 | 8,3 | 7,8 |
Rusliding, 18-24 år | 4 409 | 9,4 | 5,7 | 12,8 | 2,2 | 1,9 | 20,6 | 6,3 | 5,1 |
Om variasjonsmåla
Forholdstala er enkle mål på variasjon. Forholdstal, FT, viser forholdet mellom høgaste og lågaste raten, medan forholdstal 2, FT2, viser forholdet mellom den neste høgaste og den neste lågaste raten. Høgare forholdstal indikerer såleis større variasjon i ratane.
Variasjonskoeffisienten, CV, tek omsyn til alle ratane og er såleis eit meir fullstendig mål på variasjon. Variasjonkoeffisienten er standardavviket til ratane, dividert på gjennomsnittet av ratane, multiplisert med 100.
Den systematiske variasjonskomponenten, SCV, tydeleggjer den systematiske variasjonen, og er difor variasjonsmålet vi reknar som mest avgjerande. Reint teknisk er SCV total variasjon fråtrekt den tilfeldige variasjonen mellom opptaksområda. For SCV2 er høgaste og lågaste verdiar fjerna, noko som gjer målet mindre sensitivt for ekstremverdiar.
Det har blitt antyda at SCV-verdiar større enn 3 sannsynlegvis i stor grad skuldast praksisforskjellar i helsetjenesta (Appleby, 2011). Vi definerer storleik av variasjon som følgjande: SCV mindre enn 3 er liten variasjon, mellom 3,1-5,4 er middels variasjon, mellom 5.5-10.0 stor variasjon og SCV over 10.0 er ekstremt stor variasjon.
Mål på variasjon i aktivitets ratar
Indikator | Tal | Rate per 1000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Kontaktdagar, poliklinikk | 792 435 | 711 | 601,0 | 903,2 | 1,5 | 1,4 | 11,9 | 1,4 | 1,1 |
Kontaktdagar, poliklinikk (0-5 år) | 44 375 | 129 | 58,9 | 297,8 | 5,1 | 3,7 | 44,1 | 19,4 | 12,0 |
Kontaktdagar, poliklinikk (6-12 år) | 298 235 | 667 | 566,2 | 858,3 | 1,5 | 1,4 | 11,0 | 1,4 | 0,9 |
Kontaktdagar, poliklinikk (13-17 år) | 449 825 | 1 401 | 1 150,5 | 1 952,7 | 1,7 | 1,4 | 13,6 | 2,0 | 1,5 |
Kontaktdagar, allmennlege | 129 462 | 116 | 83,5 | 134,6 | 1,6 | 1,5 | 12,7 | 2,3 | 1,9 |
Oppholdsrate døgnbehandling | 4 411 | 4 | 2,5 | 8,6 | 3,4 | 2,6 | 36,3 | 12,4 | 7,8 |
ADHD | 161 730 | 145 | 87,5 | 216,9 | 2,5 | 2,0 | 24,5 | 5,3 | 3,4 |
Angst | 82 931 | 74 | 53,1 | 140,9 | 2,7 | 1,9 | 27,1 | 8,4 | 8,0 |
Autisme | 60 002 | 54 | 23,0 | 81,7 | 3,6 | 2,7 | 30,1 | 7,2 | 5,3 |
Depresjon | 54 871 | 49 | 28,2 | 109,7 | 3,9 | 2,5 | 41,6 | 17,4 | 17,0 |
Eteforstyring, | 37 460 | 34 | 18,1 | 73,7 | 4,1 | 2,1 | 35,0 | 17,5 | 16,1 |
Tilpassningforstyrring | 47 566 | 43 | 21,3 | 73,2 | 3,4 | 2,4 | 31,1 | 10,4 | 9,0 |
Spesifikk utviklingsforstyrring | 52 126 | 47 | 27,6 | 88,8 | 3,2 | 2,4 | 32,4 | 9,6 | 6,5 |
Rusliding, 0-17 år | 2 640 | 2 | 0,8 | 5,9 | 7,4 | 6,0 | 58,7 | 12,3 | 12,0 |
Rusliding, 18-24 år | 45 933 | 98 | 37,1 | 167,0 | 4,5 | 3,1 | 36,8 | 12,3 | 7,9 |
Om variasjonsmåla
Forholdstala er enkle mål på variasjon. Forholdstal, FT, viser forholdet mellom høgaste og lågaste raten, medan forholdstal 2, FT2, viser forholdet mellom den neste høgaste og den neste lågaste raten. Høgare forholdstal indikerer såleis større variasjon i ratane.
Variasjonskoeffisienten, CV, tek omsyn til alle ratane og er såleis eit meir fullstendig mål på variasjon. Variasjonkoeffisienten er standardavviket til ratane, dividert på gjennomsnittet av ratane, multiplisert med 100.
Den systematiske variasjonskomponenten, SCV, tydeleggjer den systematiske variasjonen, og er difor variasjonsmålet vi reknar som mest avgjerande. Reint teknisk er SCV total variasjon fråtrekt den tilfeldige variasjonen mellom opptaksområda. For SCV2 er høgaste og lågaste verdiar fjerna, noko som gjer målet mindre sensitivt for ekstremverdiar.
Det har blitt antyda at SCV-verdiar større enn 3 sannsynlegvis i stor grad skuldast praksisforskjellar i helsetjenesta (Appleby, 2011). Vi definerer storleik av variasjon som følgjande: SCV mindre enn 3 er liten variasjon, mellom 3,1-5,4 er middels variasjon, mellom 5.5-10.0 stor variasjon og SCV over 10.0 er ekstremt stor variasjon.
Pasientar i psykisk helsevern for barn og unge
Psykiske plager er blant dei vanlegaste helseplagene blant barn og unge. Psykiske plager kan til dømes gje seg uttrykk ved at personen er nedstemt eller engsteleg, og variere frå lette til sterkare plager. Psykiske lidingar skil seg imidlertid frå psykiske plager ved at symptombelastninga er stor og psykisk liding ofte fører med seg tap av funksjon (FHI).Obstetrics
Primær- og spesialisthelsetenesta følgjer opp barn og unge med psykiske plager og lidingar. Behandling for psykiske lidingar skjer i spesialisthelsetenesta. Allmennlegetenesta, i sitt samspel med barnevern og helsestasjon, har ein viktig funksjon for å oppdage barn og unge med psykiske plager, og gir oppfølging for lettare psykiske lidingar. Aktivitet i allmennlegetenesta gir eit bilete av andelen barn og unge med kontakt med primærhelsetenesta på grunn av psykiske plager og lidingar.
Komorbiditet - at personar har fleire sjukdommar samtidig - er vanleg for barn og unge med psykiske lidingar. Dei mest førekommande kombinasjonane er mellom depresjon og angst, og mellom ADHD og spesifikk utviklingsforstyrring: Våre tal viser at 30 prosent av barn og unge i poliklinisk behandling for depresjon i perioden 2019-2023 òg var i same behandling for angstlidingar i same periode. Det tilsvarande talet for barn og unge med spesifikk utviklingsforstyrring i behandling for ADHD var på heile 39 prosent. Komorbiditet kan vere krevjande å behandle, og utfallet av behandling meir uvisst (Roth og Fonagy, 2005). Høg komorbiditet kan såleis gje betydelege utslag i variasjonar i både pasientbehov og behandlingspraksis.
Dei aller fleste pasientar i psykisk helsevern for barn og unge er i aldersgruppene 6-12 og 13-17 år. I førstnemnde gruppe er det omtrent dobbelt så mange gutar som jenter, og i sistnemnde er det rundt 30 prosent fleire jenter.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Poliklinisk behandling
Tilvising og oppfølgjing hos allmennlege
Forløpsintensitet
Under og i etterkant av pandemien har tal tilviste pasientar til spesialisthelsetenesta, auka kraftig. Pågangen av pasientar kan bli større enn kva kapasiteten i spesialisthelsetenesta er dimensjonert for, og pasientane står på ventelister over tid før dei slepp til.
Intensitet er klinisk viktigare for enkelte diagnoser innan psykiske lidingar. I det følgjande viser vi forløpsintensitet for pasientar med poliklinisk kontakt for angstliding, depresjon og eteforstyrringar ved minst ein kontakt i forløpet. Analysen inkluderer forløp av alle varigheiter, og år gjeld år for motteken tilvising. Ettersom året etter år for tilvisingsdato vert del av forløpet for dei aller fleste pasientar, er 2022 siste år for at tala skal vere samanliknbare.
Tabellen viser median tal dagar frå ei tilvising blir sendt til første kontakt (kolonnene 1), samt median tal dagar etter høvesvis 2, 3, 4 og 5 kontakt, frå mottaksdato for tilvisinga. Kolonnene 6. til 11. kontakt og for 11. til 15. kontakt viser median av tala for kvar av desse seriene med kontakter. Differansen mellom gjennomsnitt av 3.-15. kontakt og 0.-15. kontakt viser forholdet mellom intensitet frå 3. kontakt og totalt sett over heile forløpet fram mot kontakt 15.
Median er den midste ventetida når ein sorterer alle tilvisingsperiodane i stigande rekkefølgje, og vert føretrekt framfor gjennomsnitt i dei tilfella då høge eller låge verdiar endrar gjennomsnittet vel mykje. Median gir såleis eit bilete av normal intensitet - hyppigheita av behandling - er for pasientar busette i ulike opptaksområde.

Det er store forskjellar i ventetider. St. Olavs, Nordland og Finnmark hadde lengst ventetider når ein ser perioden under eitt. Pasientar i Vestfold venta under halvparten så mange dagar som pasientar tilhøyrande St. Olavs opptaksområde. Tala på kolonnene mot høgre viser at Førde, Fonna, og Finnmark har lengre intervall mellom kontaktane enn øvrige opptaksområde. UNN, Nord-Trøndelag, Finnmark og St. Olav har noko høgare tal til andre kontakt.
Differansen mellom dei to måla for forløpsintensitet viser forskjellar mellom opptaksområda for om pasientane er raskt gjennom forløpet. Høg differanse viser om det er gitt rett til helsehjelp, medan låg differanse viser planmessigheit gjennom forløpet. UNN, Bergen, Sørlandet og Vestfold har lågt, og eit liknande mønster når det gjeld både ventetider og intensitet. UNN skil seg frå desse ved høgare mediantid frå 3. kontakt, men samla sett er forløpstida kort. Førde har forholdsvis låg intensitet, den låge ventetida kompenserer for lågare intensitet etter kvart.
St. Olav har lang ventetid, lang tid til andre kontakt og tek heller ikkje dette igjen i løpet av forløpet fram mot 15. kontakt. Finnmark og Nord-Trøndelag har liknande trekk. OUS har lange ventetider, men høgast intensitet av alle når forløpet kjem i gang.
Døgnbehandling
ADHD
Barn og unge i aldersgruppene 6-12 og 13-17 år er begge store aldersgrupper i behandling for ADHD. Medan gutar utgjer den klart største andelen i alderen 6-12 år, er kjønnsforskjellen mindre i alderen 13-17 år.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Angst
Få mottek behandling for angstlidingar i aldersgruppa 0-5 år, men talet er langt høgare opp mot alderen 13-17 år. Langt fleire jenter enn gutar mottek poliklinisk behandling for angstlidingar i aldersgruppa 13-17 år.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Autisme
Langt fleire gutar enn jenter mottek behandling for autisme i aldersgruppene 0-5 år og 6-12 år, medan kjønnsforskjellane er langt mindre i alderen 13-17 år.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Depresjon
Dei aller fleste barn og unge som mottek behandling for depresjon er i aldersgruppa 13-17 år. Meir enn dobbelt så mange jenter som gutar mottek behandling for depresjon.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Eteforstyrring
Jenter i alderen 13 til 17 år utgjer dei aller fleste pasientar under 18 år med eteforstyrring. Ein liten andel i alderen 13 til 17 år er gutar.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Rusliding
Tal pasientar i alderen 13-17 er lågare enn i aldersgruppene opp til 24 år. Andelen gutar og jenter er ganske lik i alderen 13-17 år, medan flest gutar har ruslidingar i aldersgruppene opp mot 24 år.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Spesifikk utviklingsforstyrring
Dei aller fleste som mottek behandling for spesifikk utviklingsforstyrring, er i aldersgruppene 6-12 og 13-17 år. Medan andelen gutar og jenter er ganske lik i aldersgruppa 13-17 år, mottek meir enn dobbelt så mange gutar som jenter behandling i aldersgruppa 6-12 år.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Tilpassingsforstyrring
I aldersgruppa 13-17 år mottek flest behandling for tilpassingsforstyrring. I denne aldersgruppa mottek dobbelt så mange jenter som gutar behandling. I aldersgruppa 6-12 år er tal gutar og jenter ganske likt.

Gjennomsnittleg tal pasientar per år i Noreg i perioden 2019-2023.
Om atlaset
Helseatlas i barne- og ungdomspsykiatri bygger på opplysingar frå Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) for perioden 2019 til 2023. Opplysingane er utleverte av Folkehelseinstituttet.
Opplysingane frå KPR omfattar konsultasjonar hos fastlege og legevakt. Andre analysar byggjer på opplysingar frå NPR.
Tal innbyggarar er henta frå Statistisk Sentralbyrå (SSB). Framsidebilete: AI
Fråskriving
Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR og KPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er baserte på data dei har levert ut.
Poliklinisk kontakt: Alle kontaktar der pasienten vart skriven inn og ut same dato, uavhengig av omsorgsnivå.
Kontaktdag: Ein dag med poliklinisk kontakt. Dersom ein pasient har fleire polikliniske kontaktar på same dag, vert alle desse kontaktane berre telt som ein kontaktdag.
Døgnopphald: Alle opphald/innlegging i institusjon på meir enn null døgn.
Dei fire regionale helseføretaka har eit lovpålagt sørge-for-ansvar for å tilby innbyggjarane tilbod i spesialisthelsetenesta, og tilbodet skal vere likeverdig uansett kvar ein bur (Lov om spesialisthelsetenesta). I vurdering av geografisk variasjon av innbyggjarane sin bruk av helsetenester, er landet derfor inndelt etter helseføretaka sine opptaksområde.
Analysane i helseatlas blir gjennomført ut frå kva opptaksområde pasienten bur i, og ikkje ut frå kvar han eller ho fekk behandling. Innbyggjarane i dei ulike opptaksområda har ulik alders- og kjønnssamansetjing. Ratane i atlaset er derfor alders- og kjønnsjusterte for å kunne samanlikne meir homogene grupper sin bruk av helsetenester, enn utan slik justering. Dersom informasjon om kva kommune pasienten budde i mangla i datasetta, blei pasienten ekskludert frå analysane. Gjennom analysane kan dei regionale helseføretaka danne seg eit bilde av korleis sørge-for-ansvaret blir innfridd.
Informasjon om inndeling i opptaksområde, tal innbyggjarar og median-alder på innbyggjarane (2021) som er brukt i dette atlaset finn de nedanfor.

Tal innbyggjarar i 2021 (0-17 år).
Lista under viser kva for helseføretak eller sjukehus det er definert opptaksområde for og kortnamna på desse, som blir brukt i atlaset. Kva for kommunar og bydelar som høyrer til kvart opptaksområde finn du her.
RHF | Opptaksområde for | Kortnavn |
|---|---|---|
Helse Nord | Finnmarkssykehuset HF | Finnmark |
Universitetssykehuset i Nord-Norge HF | UNN | |
Nordlandssykehuset HF | Nordland | |
Helgelandssykehuset HF | Helgeland | |
Helse Midt-Norge | Helse Nord-Trøndelag HF | Nord-Trøndelag |
St. Olavs hospital HF | St. Olavs | |
Helse Møre og Romsdal HF | Møre og Romsdal | |
Helse Vest | Helse Førde HF | Førde |
Helse Bergen HF | Bergen | |
Helse Fonna HF | Fonna | |
Helse Stavanger HF | Stavanger | |
Helse Sør-Øst | Sykehuset Østfold HF | Østfold |
Akershus universitetssykehus HF | Akershus | |
Oslo universitetssykehus HF | OUS | |
Lovisenberg diakonale sykehus | Lovisenberg | |
Diakonhjemmet sykehus | Diakonhjemmet | |
Sykehuset Innlandet HF | Innlandet | |
Vestre Viken HF | Vestre Viken | |
Sykehuset i Vestfold HF | Vestfold | |
Sykehuset Telemark HF | Telemark | |
Sørlandet sykehus HF | Sørlandet |
Helseatlas for barne- og ungdomspsykiatri er utarbeidd i samarbeid med ei ressursgruppe beståande av:
- Ina Heiberg, analytikar, SKDE
- Anne Høye, spesialrådgjevar psykiatri, SKDE, professor, UNN
- Lars Ravn Øhlckers, psykolog/rådgjevar, Helse Stavanger
- Børge Mathiassen, leiar, Nasjonalt kvalitetsregister for psykisk helsevern barn og unge
- Hubertus A.M. Jonkers Driftskonsulent BUP, Helse Nord-Trøndelag
- Per Arne Holman, analysesjef, Lovisenberg Diakonale Sykehus
Gjennom prosjektperioden har vi vore i kontakt med fagmiljø og -personar i ulike delar av landet, for å sikre oss at analyseresultata kan gje eit best mogleg bilde av praksis.
Takk for bidrag med å gjere atlaset praksisnært og relevant.
Helseatlaset er utarbeidd av Helse Førde HF ved Oddne Skrede, Jagrati Jani-Bølstad, Haji Kedir Bedane, Sweta Tiwari og Knut Ivar Osvoll.
Har du spørsmål?
Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med helseatlastenesta i Helse Førde HF gjennom helseatlas@helse-forde.no.