Innleiing
Ruslidingar er ei stor folkehelseutfordring og er knytte til auka sjukdomsbyrde, redusert livskvalitet og høg dødelegheit. Personar med rusliding har ofte samansette og langvarige behov for helsetenester, og mange har samtidig psykiske og somatiske helseproblem. Behandling, og oppfølging og rehabilitering, omfattar tenester frå både kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta, og krev god samhandling mellom ulike nivå og fagområde.
Helseatlas for rusbehandling beskriv geografisk variasjon i bruken av helsetenester blant personar med rusliding i perioden 2021–2025. Formålet med atlaset er å synleggjere geografiske skilnader i bruk av helsetenester og gi eit kunnskapsgrunnlag for vidare fagleg vurdering og utvikling av tenestene. Atlaset tek ikkje stilling til kva som er eit riktig nivå på tenestebruken, men viser kvar det finst variasjon som kan vere grunnlag for vidare undersøkingar.
Analysane omfattar poliklinisk behandling, døgnbehandling og legemiddelassistert rehabilitering (LAR) i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), samt poliklinisk behandling og døgnbehandling av ruslidingar i psykisk helsevern og somatisk spesialisthelseteneste. Alle desse tenestene er del av spesialisthelsetenesta. Vidare omfattar analysane rusrelaterte konsultasjonar hos fastlege og legevakt i kommunehelsetenesta, helse- og omsorgstenester i heimen og andre kommunale tenester. TSB er den einaste sektoren som utelukkande er dedikert til utgreiing og behandling av ruslidingar, medan psykisk helsevern og somatisk spesialisthelseteneste også behandlar andre lidingar. Pasientane er grupperte etter ICD10 diagnosekodar frå spesialisthelsetenesta og ICPC-2 kodar frå kommunehelsetenesta slik at bruken av helsetenester kan samanliknast på tvers av ulike typar ruslidingar. LAR er ei langvarig behandlings- og oppfølgingsform for personar med opioidavhengigheit, og talet på pasientar og geografisk variasjon i denne behandlinga er vist som eigne indikatorar i atlaset. Ein betydeleg del av pasientane har både rusliding og alvorleg psykisk liding samtidig (ROP-lidingar), noko som stiller særlege krav til samordna og integrert behandling. Behandlingsomfanget for desse er også framstilte i eigne analysar.
Geografiske variasjonar kan ha fleire årsaker, mellom anna forskjellar i sjukdomsbyrde, diagnostisk praksis, organisering av tenestene, kapasitet, oppgåvefordeling og registreringspraksis. Resultata må derfor tolkast i lys av lokale forhold og kan ikkje åleine seie om variasjonane er ønskte eller uønskte. Atlaset er først og fremst eit kunnskapsgrunnlag for vidare kvalitetsarbeid og fagleg dialog om utviklinga av helsetenestene til personar med ruslidingar.
Slik er atlaset bygd opp
Atlaset er eit interaktivt verktøy delt inn i tre nivå:
- All rusbehandling – aktivitet i heile helsetenesta, uavhengig av sektor
- Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) – aktivitet avgrensa til denne sektoren
- Diagnosespesifikke analysar – aktivitet delt etter type rusmiddel (ICD-10-kodane F10–F19)
For kvart av desse tre nivåa finn du resultat i tre boksar:
- Poliklinisk behandling (tal pasientar og kontaktdagar)
- Døgnbehandling (tal pasientar og opphald)
- Liggetid i døgnbehandling (tal liggedøgn og median liggetid)
Bruk innhaldsoversikta øvst på sida for å hoppe direkte til ønska analyse og/eller diagnose. For enkelte diagnosar er det ikkje presentert tal for enkeltindikatorar grunna for lite talgrunnlag (for eksempel døgnbehandling for cannabis- eller kokainliding).
Slik navigerer du i figurane
Hovudresultata er presenterte som ei rekke figurar du blar gjennom ved å klikke på boksane øvst til høgre. Figurane følgjer i hovudsak same rekkefølge:
- Tal pasientar, inkludert utvikling over åra 2021–2025
- Tal kontaktdagar for dei same pasientane, inkludert utvikling over åra 2021–2025
- Fordeling av aktiviteten etter sektor
- Fordeling etter om behandlinga vart utført i det offentlege eller hos private med avtale med staten
- Geografisk variasjon, vist i kartvisning
- Totalt omfang av pasientar i behandling, vist i linjediagram fordelt på alder og kjønn
Tala frå figurane finn du også i tabellformat.
Om tala
For å kunne samanlikne opptaksområde med ulik befolkningsstorleik er alle tal i figurane vist som ratar – altså pasientar, kontaktdagar eller opphald per 10 000 innbyggjarar.
Tilleggsanalysar
Nokre tilleggsanalysar skil seg frå dette standardoppsettet. Dette gjeld Integrert ettervern etter døgnbehandling (samla og TSB) og analysar av forløpsintensitet. Utvida forklaring for desse figurane kan finnast i tilhøyrande utvalsboks og under metodekapittelet nederst i atlaset.
Variasjon er målt ved forholdstal (FT, FT2), variasjonskoeffisient (CV) og systematiske variasjonskomponentar (SCV, SCV2). Dei to variantane av forholdstal og systematiske variasjonskomponentar skil seg ved at FT2 og SCV2 utelèt dei høgaste og lågaste verdiane i utrekninga, medan FT og SCV inkluderer alle observasjonar. I statistiske analysar kan ekstreme verdiar ha stor innverknad på berekna mål, og dersom denne innverknaden vert vurdert som for stor, kan det vere aktuelt å utelate ytterverdiane for å redusere sensitiviteten. Samstundes representerer desse verdiane reelle observasjonar for delar av pasientpopulasjonen som er like sentrale som resten.
SCV og SCV2 er justerte ved indirekte standardisering. Standardiseringa tek utgangspunkt i den gjennomsnittlege landsraten over ein femårsperiode, vekta etter alders- og kjønnsfordelinga i kvart opptaksområde. Ratar for opptaksområda vert dermed rekna ut som om områda hadde hatt same forventa tal pasientar eller kontaktar som landsgjennomsnittet, samstundes som det vert teke omsyn til skilnader i alders- og kjønnsstruktur.
Medan forholdstala er enkle å berekne og tolke, gjev CV og SCV meir fullstendige mål på variasjon. SCV tek i tillegg omsyn til at ein del av den observerte variasjonen skuldast tilfeldig variasjon, og justerer difor for små tal. Av den grunn vert SCV ofte rekna som det føretrekte variasjonsmålet og er tillagt mest vekt i tolkinga. Samstundes har SCV avgrensingar, mellom anna ved at målet er sårbart for variasjon i tal pasientar eller kontaktar og for skilnader i folketal mellom opptaksområda. Ei samla vurdering av variasjon bør difor byggje på fleire mål som vert tolka i samanheng.
Variasjon målt ved SCV vert klassifisert som liten ved verdiar under 3, middels ved verdiar frå 3,1 til 5,4, stor ved verdiar frå 5,5 til 10, og særs stor ved verdiar over 10. I faglitteraturen er det peikt på at SCV-verdiar over 3 i stor grad kan tilskrivast praksisforskjellar i helsetenesta (Appleby et al., 2011).
Hovudfunn
Stor variasjon i poliklinisk behandling. Det er stor geografisk variasjon i bruken av poliklinisk behandling, både samla og for dei enkelte ruslidingane. Variasjonen gjeld både kor mange pasientar som får behandling og kor mykje behandling dei får, målt som tal dagar med poliklinisk kontakt (kontaktdagar).
Kontaktdagane varierer meir enn pasienttalet. Kontaktdagsratane varierer gjennomgåande meir enn pasientratane. Skilnadane mellom opptaksområda handlar dermed i stor grad om kor mykje behandling kvar pasient får, snarare enn om pasientane får tilgang til behandling.
Mindre variasjon i døgnbehandling, men stor variasjon i liggedøgn. Kor mange pasientar som får døgnbehandling varierer mindre enn for poliklinisk behandling. Det gjeld særleg alkohol- og ROP-lidingar, dei to største pasientgruppene i døgnbehandling, medan variasjonen er større for dei andre ruslidingane. Talet på liggedøgn og lengda på opphalda varierer derimot mykje mellom opptaksområda.
Oppfølging etter utskriving. Det er stor variasjon i oppfølginga pasientane får etter døgnbehandling. Dette gjeld både poliklinisk oppfølging, kontakt med kommunehelsetenesta og reinnleggingar. Skilnadane kan spegle ulik grad av samhandling mellom tenestenivåa.
Tid frå tilvising til første kontakt. Det er store skilnader i kor raskt pasientar som blir tilviste til rusbehandling kjem i gang med behandlinga. På landsbasis og i mange opptaksområde har likevel tida frå tilvising til kontakt gått ned i perioden. Tida mellom kontaktane er kortare i det vidare behandlingsforløpet og varierer mindre geografisk.
Fordeling mellom sektorar i spesialisthelsetenesta. Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) står for størstedelen av den polikliniske rusbehandlinga og av liggedøgna. Psykisk helsevern har ei sentral rolle for ROP-lidingar og lidingar knytt til andre og fleire psykoaktive stoff, og står for ein stor del av behandlinga i enkelte opptaksområde. Somatisk sektor står for om lag ein tredjedel av døgnopphalda, men nesten alle er akutte og kortvarige opphald.
Private institusjonar har eit betydeleg bidrag til tenestetilbodet. Offentlege institusjonar står for dei fleste døgnopphalda, men private med kjøpsavtale har lengre opphald og står for over halvparten av liggedøgna i fleire opptaksområde. Talet på liggedøgn har gått ned i perioden, særleg i private institusjonar.
Kommunehelsetenesta skil seg ut med liten geografisk variasjon. Både tal pasientar per innbyggjar og talet på rusrelaterte konsultasjonar hos allmennlege er relativt like mellom opptaksområda, og auka svakt i perioden.
Utvikling over tid. Den samla polikliniske aktiviteten gjekk noko ned i perioden 2021-2025, medan tal pasientar og opphald i døgnbehandling har vore stabile. Tal liggedøgn har derimot gått betydeleg ned og opphalda har vorte kortare.
Tabellen viser geografisk variasjon i pasientratar for poliklinisk behandling. Indikatorane er sorterte etter storleiken på den systematiske variasjonskomponenten (SCV), frå størst til minst variasjon. Høgare SCV-verdi tyder på større geografisk variasjon mellom områda. Fargane viser graden av variasjon.
| Indikator | Tal | Rate per 10 000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Fleire/andre stoff | 4 118 | 10 | 5 | 22 | 4,3 | 3,5 | 42,5 | 24,9 | 15,0 |
| Andre stimulantar | 1 943 | 5 | 1 | 8 | 6,3 | 4,2 | 40,0 | 17,3 | 13,6 |
| Cannabis | 3 561 | 9 | 1 | 14 | 14,0 | 3,5 | 37,6 | 12,0 | 9,2 |
| Sedative/hypnotikaliding | 1 797 | 5 | 1 | 9 | 12,6 | 5,4 | 48,0 | 11,7 | 8,9 |
| Opioid | 9 338 | 24 | 9 | 50 | 5,6 | 2,8 | 38,2 | 10,7 | 7,2 |
| Alkohol | 11 389 | 29 | 18 | 53 | 2,9 | 2,5 | 30,0 | 7,7 | 5,4 |
| Pasientar i poliklinikk behandling (TSB) | 31 463 | 79 | 31 | 141 | 4,5 | 2,5 | 29,7 | 7,2 | 4,7 |
| Pasientar i poliklinikk behandling (samla) | 35 070 | 89 | 47 | 154 | 3,3 | 2,2 | 26,8 | 5,7 | 4,0 |
| ROP | 7 796 | 20 | 11 | 39 | 3,5 | 1,4 | 24,1 | 3,8 | 1,2 |
| Pasientar i allmennlege | 38 714 | 98 | 79 | 126 | 1,6 | 1,4 | 12,8 | 1,6 | 1,2 |
| Kokain | 894 | 2 | – | 5 | – | – | – | – |
- Grøn: Liten variasjon (SCV < 3)
- Gul: Middels variasjon (SCV 3–5,4)
- Raud: Høg variasjon (SCV > 5,4)
FT: Forholdstalet mellom høgaste og lågaste rate.
FT2: Forholdstalet mellom nest høgaste og nest lågaste rate.
CV: Variasjonskoeffisient, som viser forholdet mellom standardavviket og gjennomsnittet.
SCV: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering.
SCV2: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering, der høgaste og lågaste verdi er utelate.
Tabellen viser variasjon mellom geografiske område i kontaktdagsratar for poliklinisk behandling. Indikatorane er sorterte etter SCV, frå størst til minst variasjon. Høgare SCV-verdi tyder på større geografisk variasjon mellom områda.
| Indikator | Tal | Rate per 10 000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Opioid | 147 922 | 374 | 80 | 1 046 | 13,1 | 5,5 | 61,5 | 32,2 | 15,9 |
| Fleire/andre stoff | 33 100 | 84 | 29 | 185 | 6,4 | 5,4 | 52,7 | 25,7 | 19,2 |
| Andre stimulantar | 19 583 | 49 | 9 | 94 | 10,3 | 6,2 | 49 | 24,8 | 18,9 |
| Sedative/hypnotikaliding | 15 149 | 38 | – | 71 | – | 8,4 | 187 | 22,6 | 17,8 |
| Cannabis | 39 071 | 91 | 23 | 203 | 8,8 | 6 | 49,4 | 21 | 13,2 |
| Kontaktdagar, poliklinikk (TSB) | 505 562 | 1 277 | 350 | 2 653 | 7,6 | 5,5 | 48,4 | 20,8 | 13,8 |
| Kontaktdagar, poliklinikk (samla) | 543 294 | 1 372 | 466 | 2 731 | 5,9 | 4,3 | 44,1 | 17,5 | 11,8 |
| Alkohol | 119 244 | 301 | 144 | 589 | 4,1 | 3,6 | 40,6 | 14,1 | 11,8 |
| ROP | 221 875 | 558 | 222 | 1 200 | 5,4 | 3,0 | 41,1 | 11,9 | 8,8 |
| Kontakt, allmennlege | 116 428 | 294 | 231 | 371 | 1,6 | 1,5 | 14,1 | 1,8 | 1,7 |
| Kokain | 8 162 | 20 | – | 50 | – | – | – | – |
- Grøn: Liten variasjon (SCV < 3)
- Gul: Middels variasjon (SCV 3–5,4)
- Raud: Høg variasjon (SCV > 5,4)
FT: Forholdstalet mellom høgaste og lågaste rate.
FT2: Forholdstalet mellom nest høgaste og nest lågaste rate.
CV: Variasjonskoeffisient, som viser forholdet mellom standardavviket og gjennomsnittet.
SCV: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering.
SCV2: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering, der høgaste og lågaste verdi er utelate.
Tabellen viser variasjon mellom geografiske område i pasientratar for døbehandling. Indikatorane er sorterte etter SCV, frå størst til minst variasjon. Høgare SCV-verdi tyder på større geografisk variasjon mellom områda.
| Indikator | Tal | Rate per 10 000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Fleire/andre stoff, pasientar | 2 581 | 7 | 4 | 12 | 3,0 | 2,1 | 28,4 | 10,3 | 7,2 |
| Sedative/hypnotika, pasientar | 1 543 | 4 | 1 | 7 | 5,4 | 3,0 | 33,1 | 9,9 | 7,7 |
| Opiatar, pasientar | 2 532 | 6,4 | 3,3 | 12,4 | 3,8 | 2,6 | 34,0 | 8,4 | 6,7 |
| Pasientar i døgnbehandling (TSB) | 8 183 | 21 | 13 | 35 | 2,7 | 2,0 | 23,2 | 4,3 | 3,3 |
| ROP, pasientar | 4 801 | 12,1 | 6,8 | 18,9 | 2,8 | 1,6 | 19,3 | 2,8 | 1,6 |
| Pasientar i døgnbehandling (samla) | 15 689 | 40 | 28 | 63 | 2,2 | 1,5 | 17,1 | 2,0 | 1,3 |
| Alkohol, pasientar | 8 007 | 20 | 17,2 | 33,0 | 1,9 | 1,5 | 16,6 | 1,6 | 1,3 |
- Grøn: Liten variasjon (SCV < 3)
- Gul: Middels variasjon (SCV 3–5,4)
- Raud: Høg variasjon (SCV > 5,4)
FT: Forholdstalet mellom høgaste og lågaste rate.
FT2: Forholdstalet mellom nest høgaste og nest lågaste rate.
CV: Variasjonskoeffisient, som viser forholdet mellom standardavviket og gjennomsnittet.
SCV: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering.
SCV2: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering, der høgaste og lågaste verdi er utelate.
Tabellen viser variasjon mellom geografiske område i opphalds- og liggedøgnsratar for døgnbehandling. Indikatorane er sorterte etter SCV, frå størst til minst variasjon. Høgare SCV-verdi tyder på større geografisk variasjon mellom områda.
| Indikator | Tal | Rate per 10 000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Opiatar, liggedøgnsrate | 103 197 | 261 | 144 | 514 | 3,6 | 2,4 | 30,8 | 10,1 | 8,0 |
| Fleire/andre stoff, opphaldsrate | 3 755 | 9 | 6 | 19 | 3,2 | 2,1 | 32,7 | 10,1 | 7,0 |
| Opiatar, opphaldsrate | 3 810 | 9,6 | 4,7 | 17,5 | 3,7 | 3,0 | 35,8 | 9,7 | 8,5 |
| Sedative/hypnotika, opphaldsrate | 2 040 | 5 | 2 | 10 | – | – | 29,1 | 9,7 | 7,5 |
| Liggedøgnsrate, døgnbehandling (TSB) | 546 116 | 1 380 | 669 | 2 571 | 3,8 | 2,4 | 27,8 | 7,3 | 3,2 |
| Alkohol, liggedøgnsrate | 221 789 | 569 | 363 | 996 | 2,7 | 2,4 | 27,2 | 6,5 | 5,3 |
| Liggedøgnsrate, døgnbehandling (samla) | 617 648 | 1 561 | 753 | 2 842 | 3,8 | 2,3 | 26,7 | 6,4 | 2,7 |
| Opphaldsrate døgnbehandling (TSB) | 12 852 | 32 | 20 | 52 | 2,7 | 2,2 | 25,7 | 6,0 | 5,2 |
| ROP, liggedøgn | 329 107 | 828 | 493 | 1 197 | 2,4 | 1,9 | 21,5 | 4,4 | 3,5 |
| ROP, opphaldsrate | 12 282 | 30,9 | 17,7 | 46,6 | 2,6 | 2,1 | 23,4 | 4,1 | 3,0 |
| Alkohol, opphaldsrate | 12 975 | 33 | 26,1 | 52,4 | 2,0 | 1,6 | 19,2 | 2,6 | 2,0 |
| Opphaldsrate døgnbehandling (samla) | 26 809 | 68 | 45 | 102 | 2,3 | 1,4 | 16,7 | 2,0 | 1,3 |
- Grøn: Liten variasjon (SCV < 3)
- Gul: Middels variasjon (SCV 3–5,4)
- Raud: Høg variasjon (SCV > 5,4)
FT: Forholdstalet mellom høgaste og lågaste rate.
FT2: Forholdstalet mellom nest høgaste og nest lågaste rate.
CV: Variasjonskoeffisient, som viser forholdet mellom standardavviket og gjennomsnittet.
SCV: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering.
SCV2: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering, der høgaste og lågaste verdi er utelate.
Tabellen viser variasjon mellom geografiske område i indikatorar for LAR-behandling, inkludert medikamentell behandling, oppfølging og døgnbehandling. Indikatorane er sorterte etter SCV, frå størst til minst variasjon. Høgare SCV-verdi tyder på større geografisk variasjon mellom områda.
| Indikator | Tal | Rate per 10 000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | CV | SCV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Kontaktdagar med medikamentell LAR-behandling | 102 846 | 260 | 14 | 978 | 69,9 | 35,2 | 118,8 | 122,6 | 79,7 |
| Kontaktdagar med LAR-oppfølging | 124 937 | 326 | 51 | 1 004 | 19,7 | 6,3 | 69,2 | 40,3 | 16,3 |
| Pasientar med medikamentell LAR-behandling | 5 642 | 14,2 | 1,6 | 43,7 | 27,3 | 6,9 | 65,9 | 36,5 | 27,6 |
| Pasientar med LAR-oppfølging | 8 011 | 20 | 5,8 | 45 | 7,8 | 2,9 | 42,2 | 13,4 | 8,6 |
| Liggedøgn for LAR-pasientar | 65 364 | 165 | 95 | 353 | 3,7 | 2,4 | 32,3 | 13,0 | 11,0 |
| Døgnopphald for LAR-pasientar | 1 908 | 4,8 | 1,7 | 8,8 | 5,2 | 3,4 | 38,4 | 11,5 | 9,4 |
| LAR-pasientar i døgnbehandling | 1 375 | 3,5 | 1,3 | 6,5 | 5,0 | 3,0 | 37,7 | 10,7 | 8,8 |
- Grøn: Liten variasjon (SCV < 3)
- Gul: Middels variasjon (SCV 3–5,4)
- Raud: Høg variasjon (SCV > 5,4)
FT: Forholdstalet mellom høgaste og lågaste rate.
FT2: Forholdstalet mellom nest høgaste og nest lågaste rate.
CV: Variasjonskoeffisient, som viser forholdet mellom standardavviket og gjennomsnittet.
SCV: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering.
SCV2: Systematisk variasjonskomponent justert for alder og kjønn ved indirekte standardisering, der høgaste og lågaste verdi er utelate.
Bruk av rusbehandling i alle sektorar
I denne delen presenterer vi bruk av rusbehandling samla for sektorane tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), psykisk helsevern for vaksne (PHV) og barn og unge (BUP), samt somatikk, rehabilitering og avtalespesialistar i somatikk eller psykiatri.
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 35 000 pasientar poliklinisk behandling og om lag 15 500 døgnbehandling for ruslidingar. Menn var i fleirtal, men kjønnsskilnadene vart mindre etter 50 årsalderen.
- Stor geografisk variasjon i poliklinisk behandling. Bergen hadde nær seks gonger høgare kontaktdagsrate enn Finnmark, og Lovisenberg ein pasientrate om lag tre gonger så høg som Førde.
- Liten variasjon i talet på pasientar i døgnbehandling, men stor variasjon i liggedøgn. Talet på liggedøgn gjekk ned i perioden, trass stabile tal pasientar og opphald.
- Offentlege institusjonar stod for størstedelen av behandlinga, men private med kjøpsavtale stod for over halvparten av liggedøgna i fleire område. Avtalespesialistar bidrog lite.
- Liggetida varierte mellom sektorane, og var høgast i TSB, medan somatiske opphald i hovudsak var korte akuttinnleggingar.
- Oppfølginga etter utskriving varierte mykje. Delen med poliklinisk kontakt innan 30 dagar var 18 prosent i Finnmark og 64 prosent i Vestfold, og median tid til første kontakt var 41 dagar i Finnmark mot seks dagar i Vestfold.

Pasientrate fordelt på kjønn og alder i gjennomsnitt for åra 2021-2025. Tala inkluderer både poliklinisk behandling og døgnopphald.
Bruk av tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
I denne delen presenterer vi variasjon i bruk av tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 31 500 pasientar poliklinisk behandling og om lag 8 000 døgnbehandling i TSB. Stor variasjon i poliklinisk aktivitet, og Lovisenberg hadde ein pasientrate om lag 4,5 gonger så høg som Førde.
- Moderat variasjon i tal innlagde pasientar, men stor for liggedøgn, der private institusjonar med kjøpsavtale stod for ein relativt stor del og lengst liggetid.
- Den polikliniske aktiviteten gjekk noko ned i perioden. Pasient- og opphaldsratane i døgnbehandling var stabile, men talet på liggedøgn gjekk ned, også for private med kjøpsavtale.
- Offentlege institusjonar stod for om lag tre firedelar av kontaktdagane i dei fleste opptaksområda. Private institusjonar med oppdragsavtale stod for ein stor del i Lovisenberg og Diakonhjemmet, medan private med kjøpsavtale hadde ein relativt stor del i Fonna, Lovisenberg, Telemark, Stavanger, OUS og St. Olav.
- Oppfølginga etter utskriving frå døgnbehandling varierte mykje. Delen med poliklinisk kontakt innan 30 dagar var 19 prosent i Finnmark og 79 prosent i Vestfold, og Helse Nord låg lågast av regionane.
- Tida frå tilvising til første kontakt i TSB var meir enn dobbelt så lang i Finnmark, UNN, Lovisenberg og Nordland som i Førde, St. Olav, Møre og Romsdal og Stavanger. I Finnmark og Førde var oppfølginga mindre tett etter at behandlinga kom i gang.
Diagnosespesifikke analysar
I denne delen presenterer vi diagnosespesifikke analysar for dei ruslidingane som inngår i atlaset. Tabellen gir ei samla oversikt over pasientgruppene. Deretter følgjer eigne kapittel for kvar diagnose.
| Rusmiddelgruppe |
Pasientar per år |
Gjennomsnittsalder | Medianalder | Menn (%) |
|---|---|---|---|---|
| Alkohol | 16 042 | 44,3 | 44,0 | 66,2 |
| Opiat | 9 895 | 46,5 | 47,0 | 67,9 |
| Cannabis | 4 009 | 30,5 | 28,0 | 75,9 |
| Sedativa/hypnotika | 3 108 | 40,2 | 38,0 | 59,3 |
| Kokain | 1 135 | 31,2 | 30,0 | 83,5 |
| Andre stimulantia | 2 826 | 37,2 | 36,0 | 70,5 |
| Fleire/andre stoff | 5 458 | 35,5 | 34,0 | 70,7 |
Merknad: Tala viser gjennomsnitt per år i perioden 2021–2025. Kvar pasient er tald éin gong per år innanfor kvar diagnosegruppe, uavhengig av om pasienten fekk poliklinisk behandling, døgnbehandling eller begge delar. Summen av pasientar i poliklinisk behandling og døgnbehandling kan derfor vere høgare enn talet i tabellen. Pasientar med fleire ruslidingar inngår i kvar av dei aktuelle diagnosegruppene.
Alkohollidingar
Nøkkelfunn
• Årleg fekk om lag 11 000 pasientar poliklinisk behandling og om lag 8 000 døgnbehandling for alkoholliding. Om lag dobbelt så mange menn som kvinner fekk behandling, og pasientane var eldre enn for dei fleste andre ruslidingar.
• Stor geografisk variasjon i poliklinisk behandling og liggedøgn, men liten variasjon i talet på innlagde pasientar. Lovisenberg låg høgast, med ein liggedøgnrate om lag tre gonger så høg som Førde.
• Stabil aktivitet på landsbasis, men enkelte opptaksområde hadde større endringar, med tydeleg auke i Telemark og nedgang i Diakonhjemmet.
• Offentlege institusjonar stod for storparten av kontaktdagane. Private institusjonar med kjøpsavtale står for størst del i Fonna og bidrar betydeleg i Lovisenberg, Stavanger og Telemark. Bidraget frå avtalespesialistar er lite.
• Poliklinisk behandling skjedde i hovudsak i TSB, men i Finnmark og Førde stod psykisk helsevern for nær halvparten. Om lag 40 prosent av døgnopphalda var i somatisk sektor.
Opioidlidingar
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 9 500 pasientar poliklinisk behandling og om lag 2 500 døgnbehandling for opioidlidingar. Pasientane var eldre enn pasientar med andre ruslidingar, og det var om lag dobbelt så mange menn som kvinner.
- Svært stor geografisk variasjon. Bergen hadde ein poliklinisk kontaktdagsrate over ti gonger så høg som Finnmark, og Lovisenberg ein liggedøgnrate 3,6 gonger så høg som Førde.
- LAR-behandling stod for ni av ti polikliniske kontaktdagar og om lag halvparten av døgnopphalda.
- Nesten all poliklinisk behandling i TSB og i offentlege institusjonar. Private institusjonar med kjøpsavtale stod derimot for størstedelen av liggedøgna i dei fleste opptaksområda.
- Talet på liggedøgn har gått betydeleg ned, meir enn talet på opphald.
LAR behandling
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 8 000 pasientar poliklinisk LAR-behandling og om lag 1 400 døgnbehandling. Dei fleste var mellom 35 og 55 år, og det var om lag dobbelt så mange menn som kvinner.
- Svært stor geografisk variasjon. Lovisenberg hadde om lag åtte gonger høgare pasientrate enn Finnmark, og ein liggedøgnrate om lag fem gonger så høg som Nord-Trøndelag. Bergen hadde klart flest polikliniske kontaktdagar per innbyggar, om lag 20 gonger høgare enn Finnmark.
- Polikliniske behandling skjedde nesten berre i TSB og i offentlege institusjonar. Private med kjøpsavtale stod derimot for størstedelen av liggedøgna i fleire opptaksområde, og opphalda varte gjennomgåande lenger.
- Døgnopphalda i LAR var lange, med i gjennomsnitt 34 døgn per opphald og 47,5 liggedøgn per pasient årleg.
- Både pasientraten for døgnbehandling og den polikliniske kontaktdagsraten gjekk noko ned på landsbasis i perioden.
Cannabislidingar
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 3 600 pasientar poliklinisk behandling for cannabisliding, med i gjennomsnitt 11 kontaktdagar per pasient, noko som er lågt samanlikna med andre ruslidingar.
- Pasientane var unge, dei fleste i 20- og 30-åra og fleirtalet var menn.
- Stor geografisk variasjon. Sørlandet og Lovisenberg hadde dei høgaste pasient- og kontaktdagsratane, medan alle opptaksområda i Helse Nord låg lågt.
- Behandlinga skjedde i hovudsak i TSB og i offentlege institusjonar. Unntaka var Lovisenberg og Diakonhjemmet, der private med oppdragsavtale stod for det meste, og Telemark, Innlandet og Førde, der psykisk helsevern hadde ein betydeleg del.
- Stabil aktivitet på landsbasis, men fleire opptaksområde med tydeleg nedgang i kontaktdagsraten frå 2024 til 2025.
Sedativa-/hypnotikalidingar
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 1 800 pasientar poliklinisk behandling og om lag 1 500 døgnbehandling for sedativa-/hypnotikaliding. Menn i alderen 20 til 45 år hadde høgast pasientrate, medan kvinner var jamt fordelt på alle aldersgrupper.
- Til skilnad frå dei fleste andre ruslidingar auka bruken av behandling gjennom perioden, og auken var størst for døgnbehandling.
- Stor geografisk variasjon. Bergen og Vestfold hadde dei høgaste polikliniske ratane, Lovisenberg hadde den høgaste pasientraten i døgnbehandling, og Telemark ein liggedøgnrate om lag fire gonger så høg som Førde.
- Om lag halvparten av døgnopphalda var i somatisk sektor, men liggedøgna var i hovudsak knytt til TSB.
- Private med kjøpsavtale stod for om lag ein tredjedel av liggedøgna, men ein mindre del av opphalda, noko som tyder på lengre opphald hos desse.
Kokainlidingar
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 900 pasientar poliklinisk behandling for kokainliding. Dei fleste var unge vaksne i 20- og 30-åra og menn var i stort fleirtal.
- Poliklinisk behandling for kokainliding vart femdobla i løpet av femårsperioden.
- Behandlinga var i hovudsak knytt til opptaksområda i Helse Sør-Øst og dei største byområda i resten av landet, og i Helse Vest auka omfanget særleg i Bergen og Stavanger.
- Kvar pasient hadde i gjennomsnitt 9 kontaktdagar årleg, noko som er lågt samanlikna med dei fleste andre ruslidingar
- Behandlinga skjedde i hovudsak i TSB, men i Lovisenberg og Diakonhjemmet stod private med oppdragsavtale for mykje av aktiviteten.
Liding knytt til andre stimulantar
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 2 000 pasientar poliklinisk behandling for lidingar knytt til andre stimulantar. Langt fleire menn enn kvinner fekk behandling, og dei fleste pasientane var i 20- og 30-åra.
- Svært stor geografisk variasjon i poliklinisk behandling, men pasientratane var svært stabile gjennom perioden.
- Kvar pasient hadde i gjennomsnitt 10 kontaktdagar årleg, noko som er lågare enn for dei fleste andre ruslidingar.
- Behandlinga skjedde i hovudsak i TSB, men psykisk helsevern stod og for ein betydeleg
Andre og fleire psykoaktive stoff
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 4 000 pasientar poliklinisk behandling og om lag 2 600 døgnbehandling for lidingar knytt til andre og fleire psykoaktive stoff. Dei fleste var i 20- og 30-åra, og menn var i fleirtal.
- Stor geografisk variasjon. Vestfold hadde ein poliklinisk pasientrate om lag fire gonger så høg som Førde, Stavanger skilde seg ut med høge ratar i døgnbehandling, og Telemark hadde ein liggedøgnrate om lag over fire gonger så høg som St. Olav.
- Den polikliniske aktiviteten var stabil, medan bruken av døgnbehandling auka klart frå 2021 til 2025.
- Psykisk helsevern stod for ein større del av behandlinga enn for dei fleste andre ruslidingar, med nær halvparten av døgnopphalda, men opphalda der var kortare, og liggedøgna var i hovudsak knytt til TSB.
ROP-lidingar
Nøkkelfunn
- Årleg fekk om lag 7 800 pasientar poliklinisk behandling og om lag 4 800 døgnbehandling for ROP-lidingar. Menn utgjorde storparten av pasientane, men blant pasientar under 25 år var kvinner i fleirtal.
- ROP-pasientar fekk meir behandling enn dei fleste andre pasientgrupper, med 28,5 polikliniske kontaktdagar, 2,6 døgnopphald og 68,5 liggedøgn per pasient årleg.
- Moderat variasjon for tal pasientar og liggedøgn, men svært stor for polikliniske kontaktdagar. Lovisenberg hadde dei høgaste ratane og Førde dei lågaste.
- Psykisk helsevern stod for den største delen av behandlinga, særleg i døgnbehandling, i tråd med hovudansvaret sektoren har for denne pasientgruppa.
- Poliklinisk behandling auka medan bruken av døgnbehandling var svært stabil gjennom perioden 2022-2025.
Kommunehelsetenesta
Nøkkelfunn
- Årleg hadde om lag 39 000 pasientar til saman om lag 116 000 konsultasjonar hos allmennlege for rusrelaterte lidingar, i gjennomsnitt tre konsultasjonar per pasient.
- Om lag dobbelt så mange menn som kvinner hadde konsultasjonar, men blant dei yngste vaksne var kjønnsfordelinga nesten lik.
- Liten variasjon i både pasient- og konsultasjonsratar, og låge tal konsultasjonar per pasient tyder på at meir omfattande behandling i større grad vert gitt i spesialisthelsetenesta.
- Finnmark hadde den høgaste pasientraten hos allmennlege, trass i låge ratar i spesialisthelsetenesta.
- Pasient- og konsultasjonsratane auka svakt gjennom femårsperioden.
Metode
Datakjelder
Analysane er basert på registerdata frå:
• Norsk pasientregister (NPR)
• Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR)
• Statistisk sentralbyrå (SSB)
NPR inneheld data frå spesialisthelsetenesta: Aktivitet i psykisk helsevern for vaksne og unge, tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), somatikk, rehabilitering og avtalespesialistar. KPR omfattar data om konsultasjonar hos allmennlege og legevakt og anna bruk av den kommunale helsetenesta. Begge registera er forvalta av Folkehelseinstituttet (FHI). Innbyggjartal er henta frå SSB. Helse Førde er åleine ansvarleg for analysar, tolkingar og framstilling av data i rapporten.
Utval og aldersgrupper
Analysen omfattar personar i alderen 18–75 år som i perioden 2021-2025 hadde minst ein kontakt i tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) eller ein registrert hovuddiagnose innan ICD-10-kodane F10-F19 i sektorane psykisk helsevern for vaksne (PHV), psykisk helsevern for barn og unge (PHBU) eller somatikk, inkludert private rehabiliteringsinstitusjonar og avtalespesialistar.
I analysar for kommunehelsetenesta er diagnosane identifiserte ved bruk av symptomkodane P15-P19 frå kodeverket ICPC-2. Følgjande takstkodar er brukt for å identifisere relevante konsultasjonar med fastlege eller legevakt: '2ad', '2ae', '2aef', '2aek', '2ak', '2ed', '11ad', '11ak', ‘2as’, ‘2at’, ‘2av’, ‘2afs’ , ‘2aft’, ‘2afv’, ‘2aks’, ‘2akt’, ‘2akv’, ‘2sf’, ‘2ss’, ‘2ssd’.
Klassifisering av behandlingsinstitusjonar
Alle behandlingsinstitusjonar i somatisk sektor, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) vart klassifisert i tre grupper;
• Offentlege institusjonar
• Private institusjonar med oppdragsavtale
• Private institusjonar med kjøpsavtale
Institusjonar med oppdragsavtale har langsiktige, ikkje-konkurranseutsette, avtalar med det regionale helseføretaket. Ein kjøpsavtale inneber her at avtalen med det offentlege er tidsavgrensa og konkurranseutsett. Klassifisering av dei ulike institusjonane vart kvalitetssikra og godkjent av fagpersonar i kvart regionale helseføretak.
Polikliniske kontaktdagar
Polikliniske kontaktdagar vert i rapporten nytta som eit samleomgrep for både polikliniske konsultasjonar og dagbehandling, og omfattar både direkte og indirekte konsultasjonar. Atlaset skil ikkje mellom fysiske konsultasjonar (direkte kontaktar) og konsultasjonar som skjer via video, telefon, eller andre former for skriftleg eller digital dialog (indirekte kontaktar). Administrative kontaktar vert ikkje rekna som konsultasjonar, men inngår som eit mål på den breiare oppfølginga pasienten får. Ved berekning av kontaktdagar vert alle polikliniske kontaktar på same dagen slått saman til eitt poliklinisk opphald (kontaktdag).
Døgnopphald
Døgnopphald er definert som opphald der pasienten overnattar. Analysen omfattar opphald innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) eller opphald med registrert hovuddiagnose i ICD-10 kapittelet F10–F19 innan psykisk helsevern for vaksne, psykisk helsevern for barn og unge og somatikk.
Fleire døgnopphald vert slått saman til eitt opphald når dei inngår i same behandlingsforløp, t.d. ved flytting mellom institusjonar, og der det er mindre enn 8 timar mellom utskriving og ny innskriving. I diagnosespesifikke analysar vert samanslåtte opphald klassifiserte etter hovudtilstand i det siste opphaldet i behandlingsforløpet.
Behandling i legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Pasientar i poliklinisk behandling og døgnbehandling for LAR-konsultasjon/oppfølging har ein hovuddiagnose med ICD-10-kode F11.22 (inkludert undergrupper) i alle sektorar (TSB, PHV, PHBU og somatikk, inkludert rehabiliteringsinstitusjonar, avtalespesialistar i somatikk eller avtalespesialistar i psykiatri.
Ein eigen indikator viser registrerte kontaktdagar knytte til legemiddelutlevering eller gjennomføring av LAR-behandling. Definisjonen byggjer på rapporteringsreglane i dei årlege ISF-regelverka for 2021–2025 og omfattar kontaktar registrerte med ICD-10-kode Z50.30 eller prosedyrekodane IECC10, IECC15, IECC20 og IECC25. Z50.30 skal brukast når utlevering eller observert inntak av LAR-legemiddel er hovudformålet med kontakten, medan IECC-kodane viser den dominerande gjennomføringsforma for legemiddelbehandlinga. Kodereglane gjeld også heroinassistert behandling. Indikatoren måler registrert aktivitet og ikkje ISF-refusjon (ISF-regelverk 2025, kapittel 6.3).
Datagrunnlaget omfattar ikkje all legemiddelutlevering i kommunale tenester eller apotek, og analysen nyttar ikkje opplysningar frå legemiddelregisteret. Prosedyrekodane kan vise at utleveringa skjer i apotek eller kommunal teneste, men dokumenterer ikkje kvar enkelt utleveringsdag.
Kjønns- og aldersjustering
Alle ratar er justerte for alder og kjønn ved direkte standardisering, med befolkninga per 2023 som referansepopulasjon. Føremålet er å ta omsyn til at opptaksområda har ulik alders- og kjønnsfordeling i befolkninga. Ved utrekning av standardiserte ratar vert dei observerte ratane vekta med den same alders- og kjønnsfordelte folketalssamansetnaden som i landet som heilskap. Dei standardiserte ratane viser såleis kva ratar opptaksområda ville hatt dersom dei hadde hatt same befolkningssamansetnad som referansepopulasjonen. På denne måten vert ratane samanliknbare mellom opptaksområda, uavhengig av variasjon i alders- og kjønnsstruktur. Forskjellar i standardiserte ratar kan difor ikkje forklarast av ulik alders- eller kjønnsamensetnad.
Datakvalitet og personvern
Prosjektet er basert på registerdata frå nasjonale helseregister. Analysane vert gjennomførte på individnivå, medan resultata berre vert publiserte på aggregert nivå. Det vil difor ikkje vere mogleg å identifisere enkeltpersonar i dei publiserte resultata.
Prosjektet er deskriptivt og har som formål å skildre variasjon i tenestebruk og pasientforløp. Analysane er ikkje utforma for å evaluere behandlingseffekt eller undersøkje årsakssamanhengar. Behandlingsgrunnlag, datatilgang og eventuelle melde- eller godkjenningskrav vert vurderte i samsvar med gjeldande regelverk.
Tal på pasientar, eller ratar baserte på færre enn seks pasientar, vert ikkje publiserte av omsyn til personvernet. Før publisering av analysar på variasjon vert det i tillegg gjort ei vurdering på om talmaterialet er stort nok til at det er statistisk robust.
Det vert gjennomført fleire kontrollar for å sikre god datakvalitet. Aktivitet hos private avtalespesialistar med offentleg driftsavtale vert kontrollert mot data frå Kontroll og utbetaling av helserefusjonar (KUHR), sidan refusjonsdata omfattar den offentleg finansierte verksemda. Data frå Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR) vert òg samanlikna med KUHR-data for å avdekkje eventuelle manglar eller avvik. Det er likevel kjent at KPR framleis har noko mangelfull datakvalitet (Helsedirektoratet, 2022).
Dersom statiske pasientopplysningar, som til dømes kjønn, manglar i eit opphald eller ein kontakt, vert opplysningane henta frå andre registrerte kontaktar for den same pasienten. Dersom opplysningane ikkje kan kompletterast på denne måten, er dei rekna som manglande, og observasjonar der den aktuelle variabelen er nødvendig for analysen, er blitt ekskluderte. Opphald med ukjend utskrivingsdato er òg ekskluderte frå analysane.
Integrert ettervern etter døgnbehandling
Integrert ettervern viser til oppfølginga ein pasient får, frå sjukehus og kommunehelsetenesta i samarbeid, etter eit døgnopphald. Analysen viser graden av oppfølging etter slik døgnbehandling og byggjer på helseregisterdata som koplar informasjon om innleggingar, utskrivingar og påfølgjande kontaktar i spesialist-helsetenesta og den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Studiepopulasjonen omfattar pasientar i alderen 18-75 år som vart utskrivne i perioden 2021-2024 etter døgnopphald med hovuddiagnose innan ICD-10-kodane F10–F19 i TSB, PHV, PHBU eller somatisk spesialisthelseteneste. For pasientar innlagde i TSB vart òg opphald der F10–F19 var registrert som bidiagnose, inkluderte. Opphald vart slått saman dersom tidsintervallet mellom utskriving og ei ny innlegging var mindre enn åtte timar. Det vart i tillegg gjennomført separate analysar av aktivitet avgrensa til tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).
For kvar utskriving blei pasientane følgde i tre tidsintervall; (i) dei første 72 timane, (ii) dei første 7 dagane og (iii) dei første 30 dagane etter utskriving. Desse periodane er valde fordi dei representerer kritiske fasar der risikoen for tilbakefall eller overdose er stor, og der kontinuitet og koordinering mellom tenestenivå er særleg viktig (Helsedirektoratet, 2024).
I tillegg vart median tid frå utskriving til første polikliniske oppfølgingskontakt berekna. Analysen omfatta òg dødelegheit innan 30 dagar og eitt år etter utskriving. Vidare vart det undersøkt kor stor del av pasientane som vart utskrivne i løpet av eit kalenderår, som vart følgde opp i kommunehelsetenesta og fekk minst eit vedtak om kommunale helse- og omsorgstenester i det same året.
Indikatorane som er nytta i tabellane, er definerte som følgjer.
Kommunehelsetenesta: Konsultasjonar hos fastlege eller legevakt registrerte med ICPC-2-kodane P15–P19 og relevante takstkodar (2ad, 2ae, 2aef, 2aek, 2ak, 2ed, 11ad, 11ak, 2as, 2at, 2av, 2afs, 2aft, 2afv, 2aks, 2akt, 2akv, 2sf, 2ss og 2ssd).
Spesialisthelsetenesta: Alle typar poliklinisk polikliniske konsultasjonar og dagbehandling med hovuddiagnose F10–F19 i PHV, PHBU og somatisk sektor. For TSB blir kontaktar med F10–F19 som hovud- eller bidiagnose inkluderte. Hovudtabellane viser prosentdelen pasientar med minst éin konsultasjon i kommune- eller spesialisthelsetenesta innan 72 timar etter utskriving. I vedleggstabellane blir prosentdelane for primær- og spesialisthelsetenesta viste separat.
Poliklinikk: Poliklinisk kontakt omfattar både polikliniske konsultasjonar og dagbehandling. For PHV, PHBU og somatisk sektor blir kontaktar med hovuddiagnose F10–F19 inkluderte. For TSB blir kontaktar med F10–F19 som hovud- eller bidiagnose inkluderte. Hovudtabellane viser prosentdelen pasientar med poliklinisk kontakt innan 7 og 30 dagar etter utskriving. Vedleggstabellane viser i tillegg prosentdelen med poliklinisk kontakt innan 14 dagar.
Fastlegekontakt: Fastlegekontakt omfattar kontaktar med fastlege registrerte med ICPC-2-kodane P15–P19 etter utskriving. Hovudtabellen viser prosentdelen pasientar med fastlegekontakt innan 7 dagar etter utskriving, medan vedleggstabellen viser prosentdelen med slik kontakt innan 30 dagar.
Fastlegekonsultasjon: Fastlegekonsultasjon omfattar konsultasjonar hos fastlege registrerte med ICPC-2-kodane P15–P19 og relevante takstkodar (2ad, 2ae, 2aef, 2aek, 2ak, 2ed, 11ad, 11ak, 2as, 2at, 2av, 2afs, 2aft, 2afv, 2aks, 2akt, 2akv, 2sf, 2ss og 2ssd). Hovudtabellane viser prosentdelen pasientar med fastlegekonsultasjon innan 7 dagar etter utskriving. Vedleggstabellane viser tilsvarande prosentdel innan 30 dagar.
Legevakt: Legevaktkontakt omfattar kontaktar med legevakt registrerte med ICPC-2-kodane P15–P19 etter utskriving. Hovudtabellane viser prosentdelen pasientar med legevaktkontakt innan 7 dagar etter utskriving, medan vedleggstabellane viser prosentdelen med kontakt innan 30 dagar.
Reinnlegging: Akutt reinnlegging er definert som eit nytt døgnopphald med akutt hastegrad (1) i TSB, PHV, PHBU eller somatisk sektor, med start meir enn åtte timar etter førre utskriving (avgrensa til TSB i forløpsanalysen for TSB). Reinnlegging blir definert uavhengig av diagnosen ved det nye opphaldet, og det blir derfor ikkje gjort ei avgrensing til F10–F19 for denne indikatoren. Hovudtabellane viser prosentdelen pasientar med akutt reinnlegging frå åtte timar etter utskriving og innan høvesvis 7, 14 og 30 dagar.
Dødelegheit: Dødelegheit omfattar dødsfall som skjer etter utskriving frå døgnopphaldet uavhengig av årsak. Hovudtabellane viser prosentdelen pasientar som døyr innan 30 dagar og 365 dagar etter utskriving. Vedleggstabellane viser i tillegg dødelegheit innan 180 dagar.
Median første kontakt: Median tid til første polikliniske kontakt er definert som median tal på dagar frå utskriving til første polikliniske kontakt blant pasientar som hadde minst éin slik kontakt innan 365 dagar etter utskriving. Hovudtabellen viser median tal på dagar til første polikliniske kontakt innan oppfølgingsperioden på 365 dagar. Vedleggstabellen viser i tillegg prosentdelen pasientar som hadde minst éin poliklinisk kontakt innan 365 dagar etter utskriving.
Dei kommunale helse- og omsorgstenestene vart grupperte i følgjande kategoriar:
1. Helse- og omsorgstenester i heimen: Pasientar som fekk tilbod om minst éi av dei følgjande fem tenestene i det same året som dei vart utskrivne:
• helsetenester i heimen
• praktisk bistand – daglege gjeremål
• praktisk bistand – opplæring i daglege gjeremål
• praktisk bistand – brukarstyrt personleg assistanse
• støttekontakt
2. Andre tenester: Pasientar som fekk tilbod om andre tenester enn dei fem tenestene som er nemnde ovanfor, i det same året som dei vart utskrivne. Dette kan omfatte til dømes kommunale bustadtilbod, dagaktivitetstilbod eller tidsavgrensa opphald i kommunale institusjonar. Ein pasient kan ha fått tilbod om både helse- og omsorgstenester i heimen og andre tenester. Desse pasientane er talde i begge kategoriane.
3. Ingen tilbod: Pasientar som ikkje fekk tilbod om kommunale helse- og omsorgstenester i det same året som dei vart utskrivne.
Analysane gir samla informasjon om kontakt med helse- og omsorgstenestene etter utskriving og gjer det mogleg å undersøkje både tidleg oppfølging, reinnlegging, dødelegheit og bruk av kommunale tenester i perioden etter avslutta døgnbehandling.
Forløpsintensitet
Analyse av forløpsintensitet viser median tal dagar til neste kontakt. Tilvisingsperioden startar når tilvising blir motteken i spesialisthelsetenesta, identifisert ved variabelen ansienndato. Med kontakt meinast ikkje-akutte kontaktar, identifisert ved variabelen Innmåte hastegrad 4 (planlagt) eller 5 (hastegrad ikke satt – tilbakeføring av pasient frå annet sykehus), og omfattar:
- Polikliniske kontaktar (dagbehandling og poliklinisk konsultasjon/kontakt)
- Døgnopphald
Tilvisingsperioden inkluderer berre kontaktar i sektorane TSB eller psykisk helsevern for vaksne, men første kontakt må vere i sektor TSB. Minst ein av kontaktane i tilvisingsperioden må ha hovuddiagnose med ICD-10-kode F10-F19.
Siste dag er sett til 10. kontakt, fordi kontaktar etter denne har få moglegheiter for inklusjon for 2024, som omfattar kontaktdagar fram til utgangen av 2025. Ved inklusjon av forløp med eitt år som ekstra inklusjonsår, som her, vert 95 prosent av forløpa inkluderte ved 8 kontaktar.
Pasientar med samtidig rus- og alvorleg psykisk liding (ROP-pasientar)
Datagrunnlag og studiepopulasjon
Datagrunnlaget er henta frå Norsk pasientregister (NPR) og omfattar pasientar i alderen 18–75 år med registrert behandlingsaktivitet i psykisk helsevern for vaksne (PHV) eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB). Både hovud- og bidiagnosar er inkluderte.
Rusliding vart definert som ICD-10-kodane F10–F19. Alvorleg psykisk liding omfatta psykose (F20–F29), bipolar liding (F30–F31), alvorleg depresjon (F32.2–F33.3) og personlegdomsforstyrring (F60.0–F60.3).
Data frå 2021–2025 vart nytta. Året 2021 vart brukt som for retrospektiv identifisering av første diagnose, medan analyseperioden var 2022–2025.
Identifisering av ROP-pasientar
ROP er i rapporten definert som førekomst av både rusliding og alvorleg psykisk liding innanfor eit glidande 365-dagarsvindauge. Ei ROP-hending vart identifisert når ein registrert aktivitet oppfylte diagnosekriteriet for anten rusliding eller alvorleg psykisk liding, samtidig som det låg føre ein kvalifiserande diagnose i den andre kategorien innan dei føregåande 365 dagane.
Vindauget vart vurdert retrospektivt, og rekkefølgja mellom rusdiagnosen og den alvorlege psykiske diagnosen var utan betydning. Tidspunktet for ROP-diagnosen vart definert som datoen for den siste av dei to diagnosekomponentane, det vil seie tidspunktet då begge komponentane i ROP-definisjonen var til stades. Det glidande 365-dagarsvindauget vart valt for å identifisere samtidig rusliding og alvorleg psykisk liding uavhengig av kalenderårsskifte og av kva diagnose som vart registrert først.
Ein pasient vart definert som ROP-pasient i eit analyseår dersom minst éi ROP-hending vart identifisert det året. Kvar pasient vart telt éin gong per år, sjølv om fleire ROP-hendingar kunne førekomme same år. Ein pasient kunne dermed inngå som ROP-pasient i fleire analyseår.
Identifikasjonen av pasientar er basert på dei aktuelle diagnosekomponentane uavhengig av sektor (alle sektorar). Pasientar som ikkje har hatt minst ein kontakt i TSB og PHV i perioden 2022-2025 er ekskludert frå analysen.
Måling av behandlingsaktivitet
For pasientar identifiserte som ROP vart all registrert behandlingsaktivitet i PHV og TSB inkludert, uavhengig av diagnosen ved den enkelte kontakten eller det enkelte opphaldet. Aktiviteten viser dermed det samla behandlingsomfanget i PHV og TSB for den identifiserte ROP-populasjonen og er ikkje avgrensa til aktivitet der rusliding eller alvorleg psykisk liding vart registrert. Behandlingsaktiviteten vart knytt til analyseåret der ROP-status var etablert (ROP-år). Eit ROP-år representerer dermed eit gitt år der samtidig rusliding og alvorleg psykisk liding er identifisert etter definisjonen over, og ikkje ein eksplisitt eller samanhengande behandlingsperiode. Ein pasient kan dermed ha fleire ROP-år i løpet av perioden 2022-2025, men også enkelt-år der pasienten ikkje er identifisert som ROP (>365 dagar mellom diagnosar).
Poliklinisk aktivitet vart målt som tal kontaktdagar i PHV og TSB, med maksimalt éin kontaktdag per pasient per dag. Døgnbehandling vart målt som tal samanhengande døgnopphald og liggedøgn. Samanhengande døgnopphald vart tilordna utskrivingsåret og inkluderte når utskrivingsåret var eit ROP-år for pasienten. Opphald som overlappa eit ROP-år, men vart avslutta i eit anna kalenderår utan ROP-status, inngjekk derfor ikkje.
Om atlaset
Atlaset er utarbeidd av Helseatlasgruppa i Helse Førde HF ved:
- Oddne Skrede
- Sweta Tiwari
- Haji Kedir Bedane
- Knut Ivar Osvoll
- Bjarne Martens Nes
- Jagrati Jani-Bølstad
Atlaset er utarbeidd i samarbeid med ei ressursgruppe beståande av:
- Lars Ravn Øhlckers, Assisterande fagdirektør, Helse Vest RHF
- Per Arne Holman, Analysesjef, Lovisenberg Diakonale Sykehus
- Eysteinn Udberg, Brukarrepresentant for Helse Førde HF, Rusettervernet i Sogn og Fjordane
- Jørgen Bramness, professor og spesialist i psykiatri, UiT Norges arktiske universitet
- Jens Hetland, Førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger
- Lars Lien, Professor ved Universitetet i Innlandet og leder i Norsk psykiatrisk forening.
- Åse Prestvik, Fagsjef, Blå Kors klinikk, Trondheim
- Inger Hilde Trandem, Kommuneoverlege i Tromsø kommune
Takk for bidraget til å gjere atlaset praksisnært og relevant!
Dei fire regionale helseføretaka har eit lovpålagt sørgje-for-ansvar for å tilby innbyggjarane nødvendige tenester i spesialisthelsetenesta. Tilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av kvar i landet ein bur (Lov om spesialisthelsetenesta). Ved vurdering av geografisk variasjon i innbyggjarane sin bruk av tenester for rusbehandling, er landet difor delt inn etter helseføretaka sine opptaksområde som vist i figuren under.
Analysane i helseatlaset er basert på kva opptaksområde pasienten bur i, og ikkje kvar behandlinga fann stad. Der informasjon om bustadkommune mangla i datagrunnlaget, blei pasienten ekskludert frå analysane. For å kunne gjere samanlikningar av tenestebruk på tvers av opptaksområde med ulik kjønns- og aldersamansetnad, er ratane i atlaset alders- og kjønnsjusterte. Utan slik justering ville observerte forskjellar i bruk av tenester i større grad kunne reflektere demografiske variasjonar i befolkningssamansetnad snarare enn reelle forskjellar i tenestebruk.

Tal innbyggjarar i aldersgruppa 18-75 år og medianalder per opptaksområde. Tala er frå 2023.
Liste under vise kva for helseføretak eller sjukehus det er definert opptaksområde for, og kortnamna på desse som blir brukt i atlaset.
Kva for kommunar og bydelar som høyrer til kvart opptaksområde finn du her.
| RHF | Opptaksområde for | Kortnamn |
|---|---|---|
| Helse Nord | Finnmarkssykehuset HF | Finnmark |
| Universitetssykehuset i Nord-Norge HF | UNN | |
| Nordlandssykehuset HF | Nordland | |
| Helgelandssykehuset HF | Helgeland | |
| Helse Midt-Norge | Helse Nord-Trøndelag HF | Nord-Trøndelag |
| St. Olavs hospital HF | St. Olavs | |
| Helse Møre og Romsdal HF | Møre og Romsdal | |
| Helse Vest | Helse Førde HF | Førde |
| Helse Bergen HF | Bergen | |
| Helse Fonna HF | Fonna | |
| Helse Stavanger HF | Stavanger | |
| Helse Sør-Øst | Sykehuset Østfold HF | Østfold |
| Akershus universitetssykehus HF | Akershus | |
| Oslo universitetssykehus HF | OUS | |
| Lovisenberg diakonale sykehus | Lovisenberg | |
| Diakonhjemmet sykehus | Diakonhjemmet | |
| Sykehuset Innlandet HF | Innlandet | |
| Vestre Viken HF | Vestre Viken | |
| Sykehuset i Vestfold HF | Vestfold | |
| Sykehuset Telemark HF | Telemark | |
| Sørlandet sykehus HF | Sørlandet |
| InstitusjonID | Institusjon | Avtaletype |
|---|---|---|
| 981096363 | ALERIS AGDER | Kjøpsavtale |
| 879790522 | ALERIS BERGEN SENTRUM | Kjøpsavtale |
| 995818728 | ALERIS BODØ | Kjøpsavtale |
| 879595762 | ALERIS DRAMMEN | Kjøpsavtale |
| 975787419 | ALERIS FROGNER | Kjøpsavtale |
| 981541499 | ALERIS MAJORSTUEN | Kjøpsavtale |
| 974504863 | ALERIS SOLSIDEN TRONDHEIM | Kjøpsavtale |
| 983896383 | ALERIS STAVANGER | Kjøpsavtale |
| 979819706 | ALERIS STRØMMEN | Kjøpsavtale |
| 993240184 | ALERIS TROMSØ | Kjøpsavtale |
| 997764773 | ALFA KURS OG BEHANDLINGSSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 928578518 | ALLOS STIFTELSEN | Kjøpsavtale |
| 916269331 | A-MEDI AS | Kjøpsavtale |
| 940433649 | AS INSTITUTT FOR PSYKOLOGISK RÅDGIVNING | Kjøpsavtale |
| 973107577 | A-SENTERET MARIDALSVEIEN | Kjøpsavtale |
| 988413216 | ÅSTVEIT HELSESENTER AS | Kjøpsavtale |
| 875034022 | BETANIA MALVIK BO- OG BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 974116464 | BETANIA MALVIK REHABILITERING | Kjøpsavtale |
| 991314113 | BLÅ KORS KLINIKK HAUGALAND AS | Kjøpsavtale |
| 973255622 | BLÅ KORS KLINIKK INNLANDET | Kjøpsavtale |
| 892237832 | BLÅ KORS KLINIKK LADE SA | Kjøpsavtale |
| 974116170 | BLÅ KORS KLINIKK LADE SA | Kjøpsavtale |
| 920827438 | BLÅ KORS KLINIKK LOLAND AS | Kjøpsavtale |
| 916158122 | BLÅ KORS KLINIKK OSLO SENTRUM | Kjøpsavtale |
| 914176883 | BLÅ KORS KLINIKK OSLO VEST | Kjøpsavtale |
| 971450231 | BLÅ KORS KLINIKK SKIEN AS | Kjøpsavtale |
| 976692888 | BLÅ KORS KLINIKK TJELDSUND AS | Kjøpsavtale |
| 980524493 | CAPIO ANOREKSI SENTER AS | Kjøpsavtale |
| 917553459 | CARE SERVICE AS | Kjøpsavtale |
| 914491908 | COLOSSEUMKLINIKKEN MEDISINSKE SENTER AS | Kjøpsavtale |
| 974141612 | CRUX BERGFLØTT BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 973112406 | CRUX KALFARET BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 915275850 | CRUX VERKSGATA BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 899619382 | CURA AS | Kjøpsavtale |
| 974987562 | DIAKONISTIFTELSEN RØYSUM | Kjøpsavtale |
| 924291370 | EEG LABORATORIET AS | Kjøpsavtale |
| 991441654 | FALCK NORGE AS | Kjøpsavtale |
| 921634137 | FAUST MEDISINSKE SENTER AS | Kjøpsavtale |
| 999066941 | FRELSESARMEENS RUSOMSORG AVD BEHANDLINGSTUNET FETSUND | Kjøpsavtale |
| 973112198 | FRELSESARMEENS RUSOMSORG AVD STAVANGER | Kjøpsavtale |
| 984756712 | FRISKGÅRDEN AS | Kjøpsavtale |
| 913322533 | FRISKSTIFTELSEN | Kjøpsavtale |
| 996980103 | FURUKOLLEN PSYKIATRISKE SENTER AS | Kjøpsavtale |
| 871426902 | GODTHAAB HELSE OG REHABILITERING STI | Kjøpsavtale |
| 984036655 | HELGELAND REHABILITERING | Kjøpsavtale |
| 994675273 | IDRETTENS HELSESENTER AS | Kjøpsavtale |
| 971427051 | INCOGNITO KLINIKK STI | Kjøpsavtale |
| 915378404 | KALBAKKENKLINIKKEN AS | Kjøpsavtale |
| 918686967 | KASTVOLLEN REHABILITERINGSSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 920970893 | KOLBOTN HJERTESENTER AS | Kjøpsavtale |
| 919028513 | KRISTINA KLINIKKEN AS | Kjøpsavtale |
| 973107569 | LARKOLLEN BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 996671038 | LEGEVAKT VEST AS | Kjøpsavtale |
| 920248829 | LHL HOVEDKONTOR | Kjøpsavtale |
| 924212446 | LOVISENBERG REHABILITERING AS | Kjøpsavtale |
| 953557088 | LUKAS STIFTELSEN | Kjøpsavtale |
| 941455077 | MEDI 3 AS | Kjøpsavtale |
| 998562708 | MEDI 3 AS AVD ÅLESUND - SOMATIKK | Kjøpsavtale |
| 829845032 | MEDI 3 AS AVD ÅLESUND PSYKISK HELSEVERN B & U | Kjøpsavtale |
| 929727320 | MEDI 3 AS AVD ÅLESUND PSYKISK HELSEVERN VOKSN | Kjøpsavtale |
| 978654657 | MEDICUS TRONDHEIM AS | Kjøpsavtale |
| 986823611 | MERÅKER KURBAD AS | Kjøpsavtale |
| 915939376 | MESTRINGSHUSENE BOLKESJØ AS | Kjøpsavtale |
| 923443223 | MESTRINGSHUSENE TYSNES AS | Kjøpsavtale |
| 914480752 | MOLOKLINIKKEN AS | Kjøpsavtale |
| 961721652 | MURITUNET AS | Kjøpsavtale |
| 992018062 | N.K.S. GREFSENLIA AS | Kjøpsavtale |
| 988192996 | N.K.S. HELSEHUS AKERSHUS AS | Kjøpsavtale |
| 993253375 | N.K.S. KLØVERÅSEN AS | Kjøpsavtale |
| 992094613 | N.K.S. KVAMSGRIND AS | Kjøpsavtale |
| 992104457 | N.K.S. ØSTBYTUNET, SENTER FOR BEHANDLING OG FAGUTVIKLING AS | Kjøpsavtale |
| 986923845 | NAMDAL REHABILITERING IKS | Kjøpsavtale |
| 923568573 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD ARENDAL | Kjøpsavtale |
| 823568932 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD ASKIM | Kjøpsavtale |
| 923569022 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD FREDRIKSTAD | Kjøpsavtale |
| 930064416 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD INNLANDET | Kjøpsavtale |
| 823568762 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD OSLO | Kjøpsavtale |
| 915256449 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD ØSTFOLD & AKERSHUS | Kjøpsavtale |
| 923568662 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD SANDEFJORD | Kjøpsavtale |
| 923568840 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD SKI | Kjøpsavtale |
| 923568514 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD SØRLANDET | Kjøpsavtale |
| 823568592 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD TELEMARK & VESTFOLD | Kjøpsavtale |
| 923568727 | NORSK ARBEIDSHELSE AS AVD TØNSBERG | Kjøpsavtale |
| 974917459 | NORSK DIABETESSENTER FOR BEHANDLING OG OPPLÆRING STI | Kjøpsavtale |
| 926186183 | OMEGASTIFTELSEN | Kjøpsavtale |
| 973107593 | ORIGOSENTERET | Kjøpsavtale |
| 974213400 | OSLO SMERTEKLINIKK AS | Kjøpsavtale |
| 914751934 | PRIVATHOSPITALET FANA MEDISINSKE SENTER AS | Kjøpsavtale |
| 927239396 | PSYKOLOGSENTERET AS | Kjøpsavtale |
| 976867017 | PTØ SENTERET GARDERMOEN | Kjøpsavtale |
| 977155673 | RAVNEBERGHAUGEN SENTER FOR MESTRING OG REHABILITERING STI | Kjøpsavtale |
| 986199055 | RECOVERY BO OG OMSORG AS | Kjøpsavtale |
| 923417397 | RECOVERY BO OG OMSORG AS AVD HRS HARALDVANGEN | Kjøpsavtale |
| 995705753 | REHABILITERING VEST AS | Kjøpsavtale |
| 928882063 | REHABILITERINGSKLINIKKENE AS | Kjøpsavtale |
| 995111209 | REHABILITERINGSKLINIKKENE AS AVD BERGEN | Kjøpsavtale |
| 997808347 | REHABILITERINGSKLINIKKENE AS AVD NÆRLAND | Kjøpsavtale |
| 934452011 | REHABILITERINGSSENTERET AIR AS | Kjøpsavtale |
| 988394211 | RESSURSKLINIKKEN AS | Kjøpsavtale |
| 921210256 | RINGERIKE SPESIALISTSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 937184077 | RØDE KORS HAUGLAND REHABILITERINGSSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 986476695 | ROGALAND A- SENTER AS | Kjøpsavtale |
| 919846747 | SALUTIS PSYKOLOGI AS | Kjøpsavtale |
| 986395865 | SAMTUN AS | Kjøpsavtale |
| 939906746 | SELLI REHABILITERINGSSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 974116774 | SIGNO CONRAD SVENDSEN SENTER | Kjøpsavtale |
| 980973549 | SKOGLI HELSE OG REHABILITERINGSSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 922569738 | SNUOM PSYKISK HELSE AS | Kjøpsavtale |
| 999087345 | SØRLANDETS REHABILITERINGSSENTER EIKEN AS | Kjøpsavtale |
| 993954896 | SPEARE AS | Kjøpsavtale |
| 916275005 | SPESIALISTLEGE AS | Kjøpsavtale |
| 925331384 | SPESIALISTLEGE AS | Kjøpsavtale |
| 893140832 | STIFTELSEN BARNAS FYSIOTERAPISENTER | Kjøpsavtale |
| 971436875 | STIFTELSEN BEITOSTØLEN HELSESPORTSENTER | Kjøpsavtale |
| 979757751 | STIFTELSEN CATOSENTERET | Kjøpsavtale |
| 918311556 | STIFTELSEN FEKJÆR | Kjøpsavtale |
| 980230066 | STIFTELSEN FINNMARKSKOLLEKTIVET | Kjøpsavtale |
| 971474483 | STIFTELSEN FOSSUM-KOLLEKTIVET | Kjøpsavtale |
| 970572066 | STIFTELSEN FREDHEIM | Kjøpsavtale |
| 992459190 | STIFTELSEN GUTS | Kjøpsavtale |
| 983213421 | STIFTELSEN HERNES INSTITUTT | Kjøpsavtale |
| 924390530 | STIFTELSEN HOLT BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 961664837 | STIFTELSEN KARMSUND ABR-SENTER | Kjøpsavtale |
| 973479091 | STIFTELSEN KVINNEKOLLEKTIVET ARKEN | Kjøpsavtale |
| 971517093 | STIFTELSEN MANIFESTSENTERET | Kjøpsavtale |
| 970107592 | STIFTELSEN MODUM BAD | Kjøpsavtale |
| 936079857 | STIFTELSEN NORDTUN HELSEREHAB | Kjøpsavtale |
| 971497289 | STIFTELSEN PHOENIX | Kjøpsavtale |
| 956779510 | STIFTELSEN RENÅVANGEN | Kjøpsavtale |
| 974181010 | STIFTELSEN RENÅVANGEN | Kjøpsavtale |
| 970981071 | STIFTELSEN RIBO | Kjøpsavtale |
| 984012721 | STIFTELSEN RIISBY BEHANDLINGSSENTER | Kjøpsavtale |
| 961790840 | STIFTELSEN SOLLIAKOLLEKTIVET | Kjøpsavtale |
| 871427062 | STIFTELSEN TRASOPPKLINIKKEN | Kjøpsavtale |
| 963971729 | STIFTELSEN VALDRESKLINIKKEN | Kjøpsavtale |
| 984806329 | STIFTELSEN VIKEN SENTER | Kjøpsavtale |
| 918357718 | STØRE-VALEN AS | Kjøpsavtale |
| 931663658 | TRENINGSKLINIKKEN AS | Kjøpsavtale |
| 961025311 | TYRILISTIFTELSEN | Kjøpsavtale |
| 996078841 | ULLEVÅL HAGEBY HJERTESENTER ODD JOHANSEN | Kjøpsavtale |
| 987658584 | UNICARE BAKKE AS | Kjøpsavtale |
| 985311013 | UNICARE COPERIO AS | Kjøpsavtale |
| 928349470 | UNICARE COPERIO TRONDHEIM BUP | Kjøpsavtale |
| 976547993 | UNICARE FRAM AS | Kjøpsavtale |
| 976003799 | UNICARE FRISKVERN | Kjøpsavtale |
| 922186391 | UNICARE HELSEFORT | Kjøpsavtale |
| 959678839 | UNICARE HOKKSUND AS | Kjøpsavtale |
| 983478778 | UNICARE JELØY AS | Kjøpsavtale |
| 966867450 | UNICARE LANDAASEN AS | Kjøpsavtale |
| 980684997 | UNICARE NORD-NORGE AS | Kjøpsavtale |
| 922186154 | UNICARE RØROS | Kjøpsavtale |
| 932191482 | UNICARE STEFFENSRUD AS | Kjøpsavtale |
| 976516745 | VALNESFJORD HELSESPORTSSENTER STI | Kjøpsavtale |
| 998348633 | VANGSETER AS | Kjøpsavtale |
| 873107642 | VESLELIEN | Kjøpsavtale |
| 980924076 | VIGØR REHABILITERINGSSYKEHUS AS | Kjøpsavtale |
| 964249075 | VIKERSUND BAD REHABILITERINGSSENTER AS | Kjøpsavtale |
| 817529372 | VITALIS HELSE KRAGERØ AS | Kjøpsavtale |
| 999279090 | VOLVAT MEDISINSKE SENTER AS AVD ORBITA ØYELEGESENTER OSLO | Kjøpsavtale |
| 982755999 | VOLVAT MEDISINSKE SENTER AS AVD STOKKAN | Kjøpsavtale |
| 999204546 | VOLVAT ORBITA ØYELEGESENTER AS | Kjøpsavtale |
| 925282332 | WECARE OMSORG AS | Kjøpsavtale |
| 827616052 | WECARE OMSORG AS AVD LEVANGER | Kjøpsavtale |
| 983971636 | AKERSHUS UNIVERSITETSSYKEHUS HF | Offentlege |
| 983974880 | FINNMARKSSYKEHUSET HF | Offentlege |
| 983974929 | HELGELANDSSYKEHUSET HF | Offentlege |
| 983974724 | HELSE BERGEN HF | Offentlege |
| 983974694 | HELSE FONNA HF | Offentlege |
| 983974732 | HELSE FØRDE HF | Offentlege |
| 997005562 | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF | Offentlege |
| 974747138 | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF ÅLESUND SJUKEHUS - SOMATIKK | Offentlege |
| 974577216 | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF KLINIKK FOR REHABILITERING MORK REHABILITERINGSSENTER | Offentlege |
| 974746948 | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF KRISTIANSUND SJUKEHUS - SOMATIKK | Offentlege |
| 974745569 | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF MOLDE SJUKEHUS - SOMATIKK | Offentlege |
| 974747545 | HELSE MØRE OG ROMSDAL HF VOLDA SJUKEHUS - SOMATIKK | Offentlege |
| 983974791 | HELSE NORD-TRØNDELAG HF | Offentlege |
| 974754118 | HELSE NORD-TRØNDELAG HF SOMATIKK - LEVANGER | Offentlege |
| 974753898 | HELSE NORD-TRØNDELAG HF SOMATIKK - NAMSOS | Offentlege |
| 983974678 | HELSE STAVANGER HF | Offentlege |
| 983974910 | NORDLANDSSYKEHUSET HF | Offentlege |
| 984630492 | OSLO KOMMUNE HELSEETATEN LEGEVAKTEN I OSLO | Offentlege |
| 993467049 | OSLO UNIVERSITETSSYKEHUS HF | Offentlege |
| 983975240 | SØRLANDET SYKEHUS HF | Offentlege |
| 883974832 | ST. OLAVS HOSPITAL HF | Offentlege |
| 883971752 | SUNNAAS SYKEHUS HF | Offentlege |
| 983975259 | SYKEHUSET I VESTFOLD HF | Offentlege |
| 983971709 | SYKEHUSET INNLANDET HF | Offentlege |
| 983971768 | SYKEHUSET ØSTFOLD HF | Offentlege |
| 983975267 | SYKEHUSET TELEMARK HF | Offentlege |
| 983974899 | UNIVERSITETSSYKEHUSET NORD-NORGE HF | Offentlege |
| 894166762 | VESTRE VIKEN HF | Offentlege |
| 922716552 | BETANIEN SYKEHUS AS | Oppdragsavtale |
| 982791952 | DIAKONHJEMMET SYKEHUS AS | Oppdragsavtale |
| 974316285 | HARALDSPLASS DIAKONALE SYKEHUS AS | Oppdragsavtale |
| 973156829 | HAUGESUND SANITETSFORENINGS REVMATISMESYKEHUS | Oppdragsavtale |
| 965985166 | LOVISENBERG DIAKONALE SYKEHUS AS | Oppdragsavtale |
| 985962170 | MARTINA HANSENS HOSPITAL AS | Oppdragsavtale |
| 973267965 | NKS JÆREN DISTRIKTSPSYKIATRISKE AS | Oppdragsavtale |
| 987554401 | NKS OLAVIKEN ALDERSPSYKIATRISKE SYKEHUS AS | Oppdragsavtale |
| 985773238 | REVMATISMESYKEHUSET AS | Oppdragsavtale |
| 919865636 | SOLLI DPS AS | Oppdragsavtale |
| 981275721 | STIFTELSEN BETANIEN HOSPITAL SKIEN | Oppdragsavtale |
| 916270097 | VOSS DPS NKS BJØRKELI AS | Oppdragsavtale |
Vedlegg




Har du spørsmål?
Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med Helseatlastenesta i Helse Førde HF på e-post helseatlas@helse-forde.no










