Fedme er ein kronisk sjukdom og oppfølging frå helsevesenet bør skje regelmessig og over lang tid. Vi har undersøkt pasientar med fedme sin bruk av spesialisthelsetenester; både kirurgi, livsstilsbehandling i rehabiliteringsinstitusjonar og poliklinikk, samt pasientane sin kontakt med allmennlegar. Analysane viser store geografiske variasjonar i bruk av helsetenestene for perioden 2018-2022.
Hovudfunn
- Det er stor geografisk variasjon i behandling av pasientar med fedme. Det er ikkje områda med høgast førekomst som har høgast forbruk; variasjonen i bruk av helsetenester er ubegrunna
- Det er geografisk variasjon i kva tilbod som blir gitt som behandling for fedme. Medan enkelte opptaksområde har høg bruk av kirurgisk behandling, har andre opptaksområde høge ratar for poliklinikk
- Talet på konsultasjonar hos allmennlegane har auka sterkt i heile landet i 2021 og 2022
Indikator | Tal | Rate per 10000 | Lågast rate | Høgast rate | FT | FT2 | FT3 | CV | SCV2 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Overordna pasientutval | 52415 | 123,2 | 51 | 196 | 3,9 | 2,2 | 1,8 | 25 | 8,1 |
Pasientrate, poliklinikk | 23548 | 56 | 21 | 115 | 5,5 | 3,4 | 2 | 35 | 9 |
Kontaktrate, poliklinikk | 84774 | 200 | 71 | 589 | 8,3 | 4,5 | 3,1 | 56 | 18 |
Rate for operasjonar | 1575 | 3,7 | 0,7 | 6,7 | 10 | 3,8 | 3,3 | 42 | >100 |
Pasientrate, allmennlegar | 38220 | 90 | 35 | 128 | 3,6 | 2,2 | 1,8 | 24 | 11 |
Kontaktrate, allmennlegar | 102945 | 241 | 105 | 360 | 3,8 | 2,3 | 2 | 25 | 23 |
Variasjonsmåla som er nytta, er forskjellen mellom høgaste og lågaste rate (FT), forskjellen mellom nest høgaste og nest lågaste rate (FT2), forskjellen mellom tredje høgaste og tredje lågaste rate (FT3), variasjonskoeffisient (CV) og systematisk variasjonskomponent (SCV2). For ei nærare forklaring av desse, viser vi til Helseatlas for psykisk helsevern og rusbehandling.
For å kunne uttale oss om variasjonen i bruk av tenestene er uønska/uberettiga, har vi sett på bruk av helsetenester opp mot førekomst av fedme. Større avvik mellom førekomst og bruk av helsetenester indikerer uberettiga variasjon.
Pasientar med fedme
- Kvart år var i gjennomsnitt 52 415 pasientar med fedme i kontakt med helsetenestene. Det var stor og ubegrunna geografisk variasjon i tal pasientar per 10 000 innbyggarar som hadde slik kontakt
- Prosentdelen av pasientane som berre hadde kontakt med spesialisthelsetenesta i løpet av eit år, varierte mellom 19 og 38 % mellom opptaksområda
Fedme er ein kronisk sjukdom med kroppsmasseindeks (KMI) på 30 kg/m2 (vekt i kilo/høgde i meter2) eller meir, og er ei av dei største helseutfordringane i verda. Fedme oppstår i eit komplekst samspel mellom biologiske, psykologiske, sosiale og miljømessige faktorar, og sjukdommen krev livslang behandling. Levemåten i vår tid, med stillesitting og lett tilgang på kaloririk mat, men også hormonelle forhold og arv, påverkar vektauken.
Fedme gir auka risiko for ei rekke andre sjukdommar mellom anna diabetes type 2, høgt blodtrykk, hjarte-karsjukdommar, kreft, søvnapné og belastningslidingar. Fedme er også assosiert med auka risiko for psykiske lidingar og redusert livskvalitet.
KMI er viktig for å kartlegge risiko for framtidig fedmerelatert følgesjukdom. Ein skil mellom fedme (KMI 30-39,9 utan følgesjukdommar) og alvorleg fedme (KMI ≥ 40, eller ≥ 35 med følgesjukdom) som er forbunde med særleg høg risiko for nedsett helse. Etter nasjonal fagleg retningslinje bør personar med KMI over 35 tilbydast behandling.
Omtrent kvar femte nordmann fedme (EUROSTAT, 2022; Helsedirektoratet; 2011). Noreg er framleis eitt av landa i Europa med lågast førekomst av fedme, men prosentdelen aukar i Noreg på lik linje med resten av dei europeiske landa (EUROSTAT, 2022).
Det finst ikkje undersøkingar på landsbasis for førekomst av fedme, men spesielt to indikatorar gir anslag som er gode tilnærmingar; den eine er vekta til gravide kvinner, og den andre er vekta kandidatar til verneplikt oppgir ved Sesjon 1. Sesjon 1 er spørjeskjemaet kandidatar til verneplikt fyller ut i forkant av deltaking i førstegongstenesta. Dette er begge indikatorar som viser vekta til høgst avgrensa kjønns- og alderskohortar, og det må takast atterhald om at slike indikatorar i avgrensa grad anslår andelen av pasientar som treng behandling for fedme. Indikatorane har sin styrke ved høg dekningsgrad samt standardiserte målemetodar. Begge desse indikatorane er samanfallande med andre kjelder for førekomst. Korrelasjonen mellom overvekt for personar over 18 år mot personar under 18 år er til dømes stor (r = 0,85; p<0,001) basert på data frå land verda rundt (OECD og WHO 2020).
Data for gravide kvinner er ikkje fullstendige, og vi vel i likskap med FHI (2022) å bruke vekta til vernepliktige ved Sesjon 1 som grunnlag for å illustrere geografisk variasjon av overvekt og fedme. Vi finn at korrelasjonen mellom desse to indikatorane på fylkesnivå er stor (r = 0,90; p<0,001).

Figuren over viser gjennomsnittet av tre års glidande gjennomsnitt i andelen av vernepliktige som rapporterer overvekt eller fedme, i perioden frå 2018 til 2022. Data er basert på tal på kommunenivå, frå Kommunehelsa statistikkbank (FHI), aggregert til opptaksområdenivå med folketalet i kommunane som vekter. Ettersom data ikkje var tilgjengelege for bydelane, er tal for Oslo rekna ut på fylkesnivå.
Som vi ser av figuren, er det betydelege skilnadar i prosentdel vernepliktige med overvekt eller fedme. Andelen er rundt dobbelt så høg blant vernepliktige heimehøyrande i Finnmark opptaksområde, samanlikna med vernepliktige i Oslo. Tala liknar dei frå andre kjelder (Tidsskriftet, 2007; SSB, 2016). Øvrige opptaksområde i Helse Nord har òg høge andelar, medan dei fleste andre opptaksområda er i nærleiken av landssnittet. Saman med Oslo er det i opptaksområda med dei større byane låge prosentdelar av vernepliktige med fedme; både Vestre Viken, Stavanger, Bergen og St. Olavs opptaksområde har prosentdelar rundt 20.
Ikkje-kirurgisk behandling/livsstilsbehandling skal hjelpe pasienten med å gjennomføre endringar i levemåte og oppretthalde gode kost- og aktivitetsvanar, og den bygger på tre hovudsøyler: fysisk aktivitet, ernæring og meistringspsykologi. Livsstilsbehandling er basis for all vektreduserande behandling - også før og etter vektreduserande kirurgi, eller saman med medikamentell behandling. Endring i levemåte kan ha helsegevinst også utan vektreduksjon, for eksempel betre livskvalitet, førebygging av diabetes og hjarte- og karsjukdom.
Pasientane får Ikkje-kirurgisk/livsstilsbehandling både i sjukehus, ved private rehabiliteringsinstitusjonar og hjå allmennlege.
Fedmekirurgi
Hovudfunn
- Omtrent 2000 vart opererte ved offentlege sjukehus i 2018, medan talet var i kvart av åra 2020-2022 på rundt 1300
- Det er særleg stor geografisk variasjon i bruk av fedmekirurgi. Variasjonen synest å vere påverka av tilbodet om operasjon, og ikkje av førekomst av fedme
- I Helse Nord vert rundt ein fjerdedel opererte i eit anna opptaksområde enn sitt eige, medan personar i øvrige regionar i liten grad vert opererte i andre opptaksområde
Kirurgisk behandling er den mest effektive måten å hjelpe pasientar med alvorleg fedme til å gå ned i vekt, oppretthalde vektreduksjonen over tid og minske risiko for og førekomst av andre sjukdommar. Det finst fleire ulike typar kirurgiske inngrep. Etter ein fedmeoperasjon har pasientane behov for oppfølging både hos allmennlege og i spesialisthelsetenesta.
Operasjon kan bli aktuelt dersom pasienten ikkje har lukkast med vektreduksjon på annan måte. Vurdering av eventuell operasjon blir gjort i spesialisthelsetenesta.
Poliklinikk
- Årleg mottek rundt 23 500 personar poliklinisk behandling for fedme i spesialisthelsetenesta. Med totalt 85 000 kontaktar mottek i gjennomsnitt kvar pasient 3,6 polikliniske kontaktar årleg
- Den geografiske variasjonen i tal pasientar i poliklinisk behandling er særleg stor. Vestfold skil seg ut med spesielt høgt tal pasientar i behandling i høve innbyggartalet. Stavanger og Diakonhjemmet opptaksområde har langt lågare tal pasientar enn andre, men tal kontaktar per pasient er ikkje markant lågare
- I tillegg til Østfold og Lovisenberg hadde helseføretaka i Helse Nord ein andel e-konsultasjonar over 30 %. Innlandet og Sørlandet hadde under 10 %
- I gjennomsnitt var 22,6 % av polikliniske kontaktar e-konsultasjonar, på landsbasis. Dette utgjer 19 300 konsultasjonar årleg
Poliklinikk og kirurgi
Pasientar med fedme frå ulike opptaksområde får eit noko ulikt behandling- og oppfølgjingstilbod ved sjukehusa. I opptaksområda Vestfold, og til dels Telemark og Østfold får innbyggarane eit meir omfattande tilbod enn i andre delar av landet, med rate for poliklinikk som er høgare enn landsraten. I opptaksområda i Helse Vest, Innlandet og Nord-Trøndelag er operasjonsratane relativt høge, men med låg bruk av poliklinikk.
I opptaksområda i Oslo var ratane lågare enn landsratane; dei heimehøyrande i både Diakonhjemmet, Lovisenberg og OUS opptaksområde har dei lågaste ratane for operasjon i landet, samtidig som bruk av poliklinikk òg er lågt i landssamanheng.

Som vist tidlegare, har Oslo klart lågare førekomst av fedme i befolkninga, og den lågare aktiviteten vi ser i behandling verkar såleis rettvis. Ettersom vi ikkje har tal for førekomst for kvart av opptaksområda i Oslo-området, kan vi ikkje seie noko nærare om skilnadane vi ser mellom desse.
Det verkar å vere ein negativ samvariasjon mellom operasjonsraten og raten for poliklinikk, for dei øvrige opptaksområda; ingen av opptaksområda som har høge ratar for operasjonar har høge ratar for poliklinikk, eller omvendt. Dette indikerer ulik behandlingspraksis i spesialisthelsetenesta.
Livsstilsbehandling i rehabiliteringsinstitusjonar
Ei rekkje private rehabiliteringsinstitusjonar tilbyr spesialistbistand i behandling av fedme. Opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar vert brukt som supplement til aktivitet ved poliklinikk i nokre delar av landet. Opphalda i institusjonane er gjerne av ei varigheit på to eller tre veker om gangen. Ein del av institusjonane tilbyr òg dagopphald. Innhaldet og lengde av opphalda varierer noko mellom institusjonane, men inneheld opplæring i ernæring samt fysisk aktivitet som grunnsteinar.
Allmennlegetenesta
- Svært stor auke i både tal pasientar med fedme og konsultasjonar hos allmennlege frå 2018 til 2022
- Stor geografisk variasjon i bruk av allmennlegetenesta
- Dei same områda med høg bruk av spesialisthelsetenester, har også høg bruk av allmennlegetenester
Allmennlegen har eit særskilt ansvar for å identifisere risikopasientar, sette i gang individretta tiltak og koordinere oppfølginga av dei som treng førebygging av helseplager i kommunehelsetenesta.
Behandling blir oftast organisert som ei rekke konsultasjonar hjå allmennlege. Behandling ved fedme er i første omgang endring av kosthald for vektreduksjon (3-6 månader), og med aukande grad av fysisk aktivitet for vektstabilisering. Allmennlegen har ansvar for oppfølging ved medikamentell behandling, og vurderer også kven som bør tilvisast spesialisthelsetenesta.
Medikamentell behandling kan vere aktuelt dersom pasienten ikkje når behandlingsmålet sitt med livsstilsbehandling åleine.
Medikamenta aukar mettheitskjensla og har berre verknad saman med lågt kaloriinntak og aktiv livsstil. Medikamentell behandling er kostbar for pasientane, og det er ei livslang behandling. Slik behandling har blitt brukt i ein del år, men etter 2020 har slik behandling blitt langt meir vanleg ettersom nyare medikament har langt betre effekt enn dei tidlegare.
Analysar av geografisk variasjon i medikamentell behandling ved fedme er ikkje inkludert i helseatlaset på grunn av at medikamentell behandling hadde for lite omfang i starten av analyseperioden 2018-2022 til at vi kan uttale oss sikkert om den geografiske variasjonen i behandlingsmåten.
Ein frisklivssentral er ein tilrådd, men ikkje-lovpålagt måte å organisere den førebyggande helsetenesta på i kommunane (Veileder for kommunale frisklivssentraler). Den skal tilby kunnskapsbasert og effektiv hjelp til å endre levevanar og meistre sjukdom og helseplager. Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, som treng hjelp til å endre levevaner og meistre sjukdom. Deltaking i frisklivssentralar skal, på lik linje med anna helsehjelp, journalførast.
60 prosent av kommunane i Noreg har denne helsetenesta (Frisklivssentraler 2019). Fagpersonar i spesialisthelsetenesta vi har vore i kontakt med i utvikling av atlaset, fortel at dei tilrår pasientar med fedme oppfølging ved frisklivssentralane. Det har likevel ikkje vore mogleg å få oversikt over pasientane sin bruk av tenestene, fordi det per i dag ikkje finst kodeverk som er tilpassa registrering av aktiviteten. Vi har derfor ikkje relevante aktivitetsdata frå Kommunalt pasient- og brukarregister (KPR).
Pasientar hos allmennlege og i spesialisthelsetenesta
Ser vi på aktivitet i poliklinikk og allmennlegetenesta saman, kan det teikne seg eit bilete av den totale bruken av konsultasjonar, og korleis denne er geografisk fordelt. I opptaksområda i Oslo-området og Helse Vest var konsultasjonsratane gjennomgåande lågare enn landssnittet, noko vi òg ser for poliklinikkane. Berre i Osloområdet kan denne forklarast ved lågare førekomst av fedme. Vestfold og Østfold har høg konsultasjonsrate hjå allmennlege, slik dei òg har høg poliklinisk kontaktrate - men raten for konsultasjonar hjå allmennlege er ikkje så markant høgare. Det verkar likevel å vere ein tendens mot at opptaksområda som har høge ratar for poliklinikk, òg har høge ratar for konsultasjonar hjå allmennlege.
Medan variasjonen i ratar er særleg stor både for poliklinikk og hjå allmennlegar, skil desse seg frå kvarandre når det gjeld tal kontaktar/konsultasjonar per pasient: Medan den går frå 2,1 til 5,1 for poliklinikk, er lågaste tal konsultasjonar per pasient i året frå 2,4 i Bergen, medan ei rekkje opptaksområde har det høgaste talet på 2,8. Tal konsultasjonar per pasient hjå allmennlegane har såleis låg geografisk variasjon - og den er uvanleg låg, samanlikna med tala i andre atlaspublikasjonar på somatiske område.
Som vi såg tidlegare, har Helgeland høg førekomst av fedme i nasjonal målestokk, men forholdsvis låge ratar for både operasjonar og poliklinikk. Konsultasjonsraten hjå allmennlege er ved landsraten. Opptaksområdet særmerker seg såleis med eit misforhold mellom førekomst og aktivitet. Om ikkje med så tydelege trekk, så verkar Stavanger og Ahus aktuelle i diskusjon av underforbruk. Desse har førekomst av fedme på landssnittet, eller noko under, og ein konsultasjonsrate hjå allmennlegar ved eller under landsraten. Stavanger har eit tal polikliniske kontaktar som er under halvparten av landsraten, og har i tillegg låg konsultasjonsrate hjå allmennlegar.

Tradisjonell livsstilsbehandling i spesialisthelsetesta har, i motsetnad til kirurgisk behandling, hatt nokså avgrensa effekt i form av vektreduksjon. Nyare medikament har derimot vist dramatisk betra resultat i form av vektreduksjon, i kombinasjon med livsstilsendring (Rubino et. al, 2022). Det er venta at utstrekt bruk av medikament vil gje god behandling for fedme for ein stor del av pasientgruppa, og at dette kan redusere behovet for fedmekirurgi. Såleis er medikamentell behandling venta å redusere bruk av spesialisthelsetenester for pasientar med fedme.
Ein verknad av auka tal konsultasjonar hjå allmennlegar er at behandlinga skjer meir desentralisert, noko som vil påverke den tilbodsdrivne delen av aktiviteten. I analysane ser vi store geografiske skilnader i kva tilbod som blir gitt. Ettersom medikamentell behandling er ei meir einsidig behandlingsform ventar vi mindre utslag av den organisatoriske faktoren i behandling etter kvart som ein større del av pasientane mottek slik behandling. Førekomst seier lite om rett nivå av bruk av helsetenester, men skilnadar i førekomst bør vere ein av dei primære fastsetjarane av behov, og såleis fastsetjande for geografiske skilnader i bruk.
Om atlaset
Helseatlas fedme bygger på opplysingar utlevert frå Helsedirektoratet ved Norsk pasientregister (NPR) og Kommunalt pasient- og brukerregister (KPR) for perioden 2018 til 2022.
Frå KPR er det henta informasjon om pasientar med fedme og/eller overvekt, og konsultasjon hos allmennlege. Andre analysar bygger på informasjon frå NPR.
Tal innbyggarar er henta frå SSB.
Fråskriving
Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR og KPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er basert på data dei har levert ut.
Vi nyttar tilstandskode E66 eller Z98.0 (frå kodeverk ICD-10) med underkategoriar som inklusjonskriterie for pasientar med fedme frå spesialisthelsetenesta (NPR). Frå kommunehelsetenesta (KPR) nyttar vi T82 som eit tilsvarande inklusjonskriterie for fedme, men òg T83 (begge frå kodeverket ICPC-2), ettersom denne diagnosekoden blir brukt i stor utstrekning utan klare føringar ift. KMI.
Pasientar er inkluderte med fedme som kronisk sjukdom. Vi inkluderer pasientar i utvalet dersom dei har minst tre kontaktar på tre ulike dagar i enten spesialisthelsetenesta eller kommunehelsetenesta, i løpet av åra frå 2018 til og med 2022. Minst ein av desse tre kontaktane må ha E66, T82 eller T83 som hovudtilstand. Grunngjevinga er eit forsøk på å auke sannsynet for at pasientane rettmessig har sjukdommen; oppfølgjing skal skje jamnleg for pasientar med kroniske sjukdommar.
Ein verknad av inklusjonskriterie som spenner over fleire år i analysar av årlege data, er at det tenderer mot inklusjon av færre pasientar i det første og det siste året, sjølv om aktiviteten skulle vere like høg i desse åra som i dei andre. Dette vil gje eit lite utslag i dei årlege ratane. Effekten er imidlertid antatt å vere uavhengig av pasientane sin bustad og vil ikkje påverke konklusjonane rundt geografisk variasjon.
Berre ein del av pasientar med registrert overvekt eller fedme i løpet av femårsperioden, får jamnleg oppfølging for sjukdommen. Av pasientane som har registert overvekt eller fedme som hovud- eller bitilstand i anten spesialisthelsetenesta eller hjå allmennlegar i femårsperioden, er rundt 43% inkludert i pasientutvalet. Dette er ein langt lågare andel enn liknande analysar har vist for andre kroniske tilstandar (SDKE, 2022), men vi veit at ein stor del av personar med fedme ikkje mottek behandling for sjukdommen: Over 20% av befolkninga, altså over 800 000 nordmenn har fedme, og rundt 28% av desse er registrert med fedme som hovud- eller bitilstand i femårsperioden.
Dei fire regionale helseføretaka har eit lovpålagt sørge-for-ansvar for å tilby innbyggarane tilbod i spesialisthelsetenesta, og tilbodet skal vere likeverdig uansett kvar ein bur (Lov om spesialisthelsetenesta). I vurdering av geografisk variasjon av innbyggarane sin bruk av helsetenester, er landet derfor inndelt etter helseføretaka sine opptaksområde.
Analysane i helseatlas blir gjennomført ut frå kva opptaksområde pasienten bur i, og ikkje ut frå kvar han eller ho fekk behandling. Innbyggarane i dei ulike opptaksområda har ulik alders- og kjønnssamansetjing. Ratane i atlaset er derfor alders- og kjønnsjusterte for å kunne samanlikne meir homogene grupper sin bruk av helsetenester, enn utan slik justering. Dersom informasjon om kva kommune pasienten budde i mangla i datasetta, blei pasienten ekskludert frå analysane. Gjennom analysane kan dei regionale helseføretaka danne seg eit bilde av korleis sørge-for-ansvaret blir innfridd.
Informasjon om inndeling i opptaksområde, tal innbyggarar og median-alder på innbyggarane (2020) som er brukt i dette atlaset finn de nedanfor:

Tal innbyggarar i 2020.
Lista under viser kva for helseføretak eller sjukehus det er definert opptaksområde for og kortnamna på desse, som blir brukt i atlaset. Kva for kommunar og bydelar som høyrer til kvart opptaksområde finn du her.
RHF | Opptaksområde for | Kortnavn |
|---|---|---|
Helse Nord | Finnmarkssykehuset HF | Finnmark |
Universitetssykehuset i Nord-Norge HF | UNN | |
Nordlandssykehuset HF | Nordland | |
Helgelandssykehuset HF | Helgeland | |
Helse Midt-Norge | Helse Nord-Trøndelag HF | Nord-Trøndelag |
St. Olavs hospital HF | St. Olavs | |
Helse Møre og Romsdal HF | Møre og Romsdal | |
Helse Vest | Helse Førde HF | Førde |
Helse Bergen HF | Bergen | |
Helse Fonna HF | Fonna | |
Helse Stavanger HF | Stavanger | |
Helse Sør-Øst | Sykehuset Østfold HF | Østfold |
Akershus universitetssykehus HF | Akershus | |
Oslo universitetssykehus HF | OUS | |
Lovisenberg diakonale sykehus | Lovisenberg | |
Diakonhjemmet sykehus | Diakonhjemmet | |
Sykehuset Innlandet HF | Innlandet | |
Vestre Viken HF | Vestre Viken | |
Sykehuset i Vestfold HF | Vestfold | |
Sykehuset Telemark HF | Telemark | |
Sørlandet sykehus HF | Sørlandet |
Helseatlas fedme er utarbeida av Helse Førde i samarbeid med ei ressursgruppe beståande av
- John Roger Andersen, professor, Helse Førde/HVL
- Mari Mette Graff, brukarrepresentant, Landsforeninga for overvektige
- Tove Johansen, analytikar, SKDE
- Jørn Vegard Sagen, dr.med., spesialist i medisinsk biokjemi, avdelingsoverlege/avdelingssjef og professor, Helse Bergen/UIB
- Eva Stensland, fag- og forskingssjef/seksjonsleder forskingsseksjonen, SKDE
- Normund Rolleiv Svoen, fastlege/PKO, Kinn kommune/Helse Førde
- Barthold Vonen, direktør SKDE
- Villy Våge, overlege PhD, leiar SOReg Norge (Norsk kvalitetsregister i fedmekirurgi), Helse Bergen,
- Eva Aarskog, brukarrepresentant, Landsforeninga for overvektige
Gjennom prosjektperioden har vi vore i kontakt med fagmiljø og -personar i ulike delar av landet. Dette for å sikre oss at analyseresultata kan gi eit best mogleg bilde av praksis.
Takk for bidrag med å gjere atlaset praksisnært og relevant.
Helseatlaset er utarbeida av Helse Førde HF ved Oddne Skrede, Marte Bale, Haji Kedir Bedane, Maria Holsen og Knut Ivar Osvoll.
Har du spørsmål?
Ved spørsmål eller kommentarar, ta kontakt med helseatlastenesta i Helse Førde HF gjennom helseatlas@helse-forde.no.




