Spesifikk utviklingsforstyrring – kontaktdagar pr 1 000 barn, 0–17 år
11 100 barn og unge med spesifikk utviklingsforstyrring mottok 87 300 kontaktdagar i poliklinikk i 2025, mot 43 200 kontaktdagar i 2019. Behandlingsaktivitet auka jamt i heile perioden frå 2019 til 2025, og årleg auke etter 2023 har vore større enn mellom dei føregåande åra. Nordland har høgast rate for kontaktdagar, og har auka mykje det siste året, medan Helgeland og Bergen som òg hadde høg ratar, har nærma seg landsraten.
Kontaktdagsraten varierte stort, frå 41 kontaktdagar i Østfold til 154 kontaktdagar i Nordland, pr 1000 barn og unge i 2024. Nordland har såleis meir enn tre gonger så høg rate som Østfold. Variasjonen i pasientratar er òg i liknande størrelsesorden.
Medan variasjonen mellom helseføretaka sine opptaksområde var stor, ser vi òg store forskjellar mellom helseregionane: Helse Nord har nær dobbelt så høg pasientrate som Helse Sør-øst og Helse Midt, som har lågast, og alle opptaksområda i Helse Nord har høgare rate enn alle øvrige opptaksomårde. Helse Vest har òg ganske høge rater – med unntak av Stavanger har helseføretaka i vest ratar godt over landsraten.
Helseatlas for barn og unge viste at spesifikk utviklingsforstyrring er blant dei psykiske lidingane som har høgast komorbiditet: 39 prosent av barn og unge med spesifikk utviklingsforstyrring hadde òg poliklinisk kontakt for ADHD i perioden 2019-2023. Vi ser òg liknande kjønnsforskjellar for spesifikke utviklingsforstyrringar, som for ADHD: I aldersgruppa 6-12 år mottek meir enn dobbelt så mange gutar som jenter behandling, medan forskjellane er små mellom gutar og jenter i aldersgruppa 13-17 år.
Kontaktdagar for spesifikk utviklingsforstyrring er definerte etter følgjande kriterium:
Alder: 0-17 år.
Ratane er justerte for alder og kjønn. Justeringa er gjort ved direkte metode med landets befolkning i 2023 som referansepopulasjon.
Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er baserte på data dei har levert ut.
Alle dataene brukt i figurene for denne analysen kan lastes ned i JSON-format.