Depresjon – kontaktdagar pr 1 000 barn, 0–17 år
2700 barn og unge med depresjon mottok 44 500 kontaktdagar i poliklinikk i 2025, og samanlikna med 63 000 kontaktdagar i 2021 har aktivitet gått klart ned. Spesielt har Nordland, St. Olav, Stavanger og Helgeland hatt stor reduksjon i ratane. Medan Finnmark har høgast pasientrate, har Lovisenberg høgast rate for kontaktdagar. I hovudsak mottek unge i tenåra behandling for depresjon, og meir enn dobbelt så mange jenter som gutar er i poliklinisk behandling.
Variasjonen i rate for kontaktdagar var stor: Raten varierer frå 17 kontaktdagar per 1000 barn og unge i Vestfold i 2025, til 100 i Lovisenberg, og opptaksområda fordeler seg ganske jamt mellom desse ratane. Med antaking om lik førekomst verkar ikkje variasjonen rettvis.
Variasjonen var òg klar mellom dei regionale helseføretaka, der Helse Midt har klart lågare ratar enn dei øvrige regionane. Forskjellane er mindre i pasientratar enn i ratar for kontaktdagar.
Rate for kontaktdagar for depresjon auka gjennom pandemien, og gjekk mykje ned frå 2022 til 2025: Medan kontaktdagar per 1000 innbyggarar var rundt 56 i 2022, gjekk talet ned til 39 i 2025. Aktivitetsnivået var i 2025 var på landsbasis lågare enn i 2019.
Kontaktdagar for depresjon er definerte etter følgjande kriterium:
Alder: 0-17 år.
Ratane er justerte for alder og kjønn. Justeringa er gjort ved direkte metode med landets befolkning i 2023 som referansepopulasjon.
Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er baserte på data dei har levert ut.
Alle dataene brukt i figurene for denne analysen kan lastes ned i JSON-format.