Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering
© 2026 Senter for klinisk dokumentasjon og
evaluering
En enhet i Helse Nord.
Ansvarlig Redaktør
Eva Stensland
Organisasjonsnr.
883 658 752
Personvern
Tilgjengelighetserklæring
Telefon
77 75 58 00
E-post
postmottak@helse-nord.no
Besøksadresse
Sykehusvegen 23
9019 Tromsø
Senter for klinisk dokumentasjon og evaluering
languageNO|
EN
  1. SKDE
  2. chevron_right
  3. Helseatlas
  4. chevron_right
  5. Autisme, barn og unge

Autisme, barn og unge

Barn, 0–17 år
BarnPsykisk helse og rus
  • Rate for kontaktdagar for autisme viser store forskjellar mellom helseføretaka sine opptaksområde
  • Rate for kontaktdagar for autisme har auka mykje dei siste fem åra
  • Mange barn og unge mottek behandling i somatikk, og prosentdelen varierer mykje mellom opptaksområda
Av: Helse FørdeOppdatert 3. juli 2026
Vel opptaksområde
keyboard_arrow_down
​
Vel fokusområde
keyboard_arrow_down
​
2025
keyboard_arrow_down
​
20192020202120222023202420252025
Helse Førde logo

Autisme – kontaktdagar pr 1 000 barn, 0–17 år

Diskusjon

10 300 barn og unge med autisme mottok 93 500 kontaktdagar i poliklinikk i 2025, som er ein stor auke sidan 2019. Auken var like stor frå 2024 til 2025, som mellom åra før. Dei tre opptaksområda Lovisenberg, OUS og Vestre Viken skil seg ut med høgare ratar enn resten av landet.

Forskjellane i ratar mellom opptaksområda er betydeleg, og det er òg klar variasjon mellom regionane: opptaksområda i Helse Nord har lågare pasientratar enn resten av landet, medan øvrige regionar har ratar nærare landsraten. Liknande trekk gjeld òg rate for kontaktdagar, der Helse Midt òg ligg lågt. For Helse Sør-øst er variasjonen stor innad i regionen.

Mange barn og unge med autisme vert behandla i somatisk sektor, spesielt i alderen opp til 7 år. Dei geografiske forskjellane i prosentdelen er store: I Sørlandet, Nord-Trøndelag og Helgeland vert meir enn halvparten behandla i somatikk, medan andre helseføretak har lågare prosentdelar.

Mange opptaksområde hadde stor auke i kontaktdagsraten i løpet av femårsperioden fram mot 2025: For Lovisenberg og Vestre Viken dobla ratane for autisme seg, medan Vestfold hadde ein reduksjon, ikkje minst samanlikna med dei andre opptaksområda. På landsbasis var auken på rundt 60 prosent fram mot 2025, og den auka jamt i femårsperioden frå 2021. 

Om analysen

Kontaktdagar for autisme er definerte etter følgjande kriterium:

  • Personar med tilstand som startar på F84 i Akse1 (alle tilstandkodenummer) i psykisk helsevern for barn og unge eller hadde hovuddiagnose med ICD-10-kode som startar på F84 i tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar, somatikk, rehabilitering og avtalespesialistar.
  • Poliklinisk behandling er definert som kontaktar der pasienten blei skriven inn og ut same dato, uavhengig av oppgitt omsorgsnivå, og inkluderer både direkte og indirekte kontaktar. Kun ein kontakt per pasient per dag er inkludert.

Alder: 0-17 år.

Ratane er justerte for alder og kjønn. Justeringa er gjort ved direkte metode med landets befolkning i 2023 som referansepopulasjon

Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er baserte på data dei har levert ut.

Data

Alle dataane som er brukte i figurane for denne analysen kan lastast ned i JSON-format.