ADHD – kontaktdagar pr 1 000 barn, 0–17 år
23 700 barn og unge med ADHD mottok 245 000 kontaktdagar i poliklinikk i 2025, mot 130 000 kontaktdagar i 2019. I 2025 har Vestre Viken klart høgast rate for kontaktdagar, men både Bergen, St. Olav og Akershus har høge pasientratar i same år, som reflekterer at Vestre Viken har høgare tal kontaktdagar per pasient.
Langt fleire gutar enn jenter mottek behandling for ADHD. Frå tidleg skulealder mottek eit betydeleg tal gutar og jenter behandling, men allereie frå 7-årsalderen er tal gutar meir enn dobbelt så høgt som tal jenter, noko det er fram til tidleg i tenåra. I tenåra jamnar kjønnsforskjellane seg ut.
Kontaktdagsraten for ADHD auka mykje i løpet av femårsperioden fram til 2025, både for landet som heilskap og for dei aller fleste opptaksområda. Berre Stavanger hadde ein betydeleg nedgang i raten. Spesielt hadde Lovisenberg, Diakonhjemmet, Finnmark, UNN og Vestre Viken stor auke.
Kontaktdagsraten varierte frå 145 i Vestfold til 330 kontaktdagar pr 1000 barn og unge i 2025. Variasjonen i kontaktdagsraten var moderat.Dette teiknar eit likande bilete av variasjon som andre studium av variasjon i ADHD (Widding-Havneraas et al. 2022, Surén et. al, 2018), som viser betydeleg geografisk variasjon i behandling for ADHD. Studiar viser òg at symptom berre avgrensa grad forklarer variasjon i bruk av helsetenester (Widding-Havneraas et al. 2022), og såleis at mykje av den geografiske variasjonen i behandling er uforklart.
Kontaktdagar for ADHD er definerte etter følgjande kriterium:
Alder: 0-17 år.
Ratane er justerte for alder og kjønn. Justeringa er gjort ved direkte metode med landets befolkning i 2023 som referansepopulasjon
Helse Førde er aleine ansvarleg for tolking og presentasjon av data som er utleverte. NPR har ikkje ansvar for analysar eller tolkingar som er baserte på data dei har levert ut.
Alle dataene brukt i figurene for denne analysen kan lastes ned i JSON-format.